NRK Meny
Normal

Dagbladet ut mot Støre

- Vi fylgde rutinane etter åtaker i Kabul, seier utanriksminister Jonas Gahr Støre. Det held ikkje, svarar Dagbladet og Siv Jensen.

Gahr Støre om Kabul-rapport

Utanriksminister Jonas Gahr Støre orienterte om Kabul-rapporten saman med forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen og justisminister Knut Storberget.

Foto: Heiko Junge / SCANPIX

Saman med forsvarsministeren og justisministeren la Støre fram granskingsrapporten til UD onsdag føremiddag.

Utanriksministeren er audmjuk, men meiner retningslinjene vart fylgd under åtaket på Serena Hotel i Kabul i midten av januar.

Les: Ambulansen hadde kun plass til en

- Ikkje grundig nok

Opposisjonen er ikkje nøgd etter utgreiinga om åtaket. Dei vil ha saka opp for kontroll- og konstitusjonskomiteen i Stortinget.

Politisk redaktør i Dagbladet, Marie Simonsen, er også kritisk til fleire av konklusjonane.

- Eg meiner det er grunn til å stille fleire spørsmål ved rapporten. Blant anna om kor raskt evakueringa føregjekk, vurderinga som vart gjort i samband med kven som skulle evakuerast når, og lokaliseringa av Carsten Thomassen, seier Simonsen til fagbladet Journalisten.

Får støtte frå Frp

Kabul-rapporten blir no sendt til kontroll- og konstitusjonskomiteen som skal arbeide vidare med saka.

Formann i Frp, Siv Jensen, sit i den utvida utanrikskomiteen på Stortinget. Ho er samd med Dagbladet i at rapporten kunne vore meir djuptgåande.

– Vi har fått ryddige orienteringar, men eg meiner det framleis er uavklarte spørsmål som kontrollkomiteen må sjå nærare på, seier ho.

Støre, Simonsen og Jensen møtest til debatt i Dagsnytt 18. I tillegg deltek politisk redaktør i NRK, Kyrre Nakkim.

Se Dagsnytt 18 direkte her

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger