Hopp til innhold

Cyanid-sikta operert to gongar for bitskadar

Ein polsk 52-åring er operert to gongar etter at han blei biten då han slo etter ein politihund. Mannen vart arrestert natt til laurdag i ein møkakjellar i Akershus.

Møkkakjeller

52-åringen blei funnen nedgraven i gammal møk i denne kjellaren nær Kjærstad i Akershus.

Foto: Halldor Asvall/NRK

52-åringen, som er ein av dei to sikta i cyanid-tjuveriet, har blitt operert to gongar sidan han blei pågripen natt til laurdag.

– Han erkjenner ikkje straffskuld og ber om å bli lauslaten. Det seier forsvararen til 52-åringen, Dag Svensson.

Mannen vart biten av ein politihund under arrestasjonen og har sidan vore innlagt på sjukehus.

Det har førebels ikkje vore mogleg å avhøyre mannen og forsvararen har ikkje snakka med klienten. Han kan difor ikkje svare på om mannen visste kva stoff som var i bilen.

– Fyrste prioritet er å få avhøyrt 52-åringen så fort han er klar for det. Og så gjer politiet vidare etterforsking i forhold til å finne bilen og motivet, seier politiadvokat Camilla Granstrøm i Øst politidistrikt.

– Kva er det viktigaste for politiet å få svar på no?

– Det viktigaste er å få svar på motivet for denne gjerninga og finne varebilen, fortel Granstrøm.

I ettermiddag blei det kjent at dei to polske mennene blir varetektsfengsla i fire veker med brev og besøksforbod.

Nektar straffskuld

Det var berre den eine av dei to mistenkte mennene som møtte til fengslingsmøte i Nedre Romerike tingrett i dag.

Etter ei dramatisk politijakt fredag kveld, vart dei to mennene funne på ein låve ved Kjærstad i Akershus. Dei vart arrestert, mistenkt for å stå bak tjuveriet av varebilen med kaliumcyanid som forsvann på Lørenskog 20. februar.

Også den andre mannen som er sikta nektar straffskuld, fortel forsvarar Maria Mæhlumshagen.

Visste din klient at det var cyanid i denne bilen?

– Det kan eg ikkje gå inn på no, seier Mæhlumshagen.

Korleis stiller han seg til dei skuldingane?

– No har det vore eit avhøyr og eg kan ikkje gå inn på kva som har blitt sagt i dette avhøyret og kva som har kome fram under rettsmøtet i dag, seier Mæhlumshagen.

Mennene er 33 og 52 år gamle, og polske statsborgarar. Dei er kjenningar av politiet frå før. Mennene er sikta for grovt tjuveri.

Politijakt med helikopter

Det var to politihundar som fann mennene natt til laurdag. Den eine gøymte seg på låven, medan den andre mannen hadde grave seg ned i møkakjellaren. Mannen i møkakjellaren byrja å slå etter politihunden då hunden prøvde å arrestere han. 52-åringen vart påført bitskadar og sendt til behandling på sjukehus.

I forkant hadde politiet jakta på mennene i fleire timar, både med bil og helikopter. Dei vart merksame på dei to i ein rutinekontroll fredag kveld.

Då betjentane gjekk ut av patruljebilen, rygga sjåføren inn i politiet før dei rømte frå staden. Politiet tok opp jakta på bilen, men mista retninga.

Bilen vart til slutt funnen ved Kjærstad i Gjerdrum og politihundane spora opp mennene som prøvde å gøyme seg.

Svært farleg stoff

Cyanid er svært farleg. Behaldaren som har vore på avvege skulle til Universitetet i Oslo. Dei brukar det til celleforsking. Leverandøren har tidlegare stadfesta til NRK at behaldaren inneheldt 25 gram kaliumcyanid. Dosen er stor nok til å drepe opptil 125 menneske. Det er årsaka til at jakta på den forsvunne varebilen har hatt høg prioritet hos politiet.

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) har sagt at det vil vere brot på landtransportforskriften for farlege stoff dersom bilen har stått utan tilsyn.

Den stolne varebilen er framleis ikkje funnen.

AKTUELT NÅ