Hopp til innhold

Bussjåførar og konduktørar vil likestillast med helsepersonell

Tilsette i yrke med tett kontakt med publikum vil likestillast med helsepersonell i yrkesskadeordninga ved alvorleg sjukdom etter koronasmitte.

Overkonduktør Ove Carstensen i Vy.

TETT KONTAKT: Overkonduktør Ove Carstensen kjem tett innpå reisande på toget.

Foto: Bjørn Atle Gildestad / NRK

Yrkesorganisasjonanes Sentralforbund (YS) krev blant anna at bussjåførar og konduktørar blir likestilt med helsepersonell i yrkesskadeordninga.

Viser til FHI

– Vi meiner den siste rapporten frå FHI stadfestar at det er større fare for smitte for ein del yrkesgrupper som ikkje er nemnt i forskrifta, seier Erik Kollerud, leiar i YS.

Sterk økning i koronasmitte: Disse yrkene er mest utsatt

rvwN2FQ3Z24

YS-leder Erik Kollerud.

Foto: Thomas Brun / NTB Kommunikasjon

I forskrifta som inkluderte alvorlege skader av covid-19 i yrkesskadeordninga i vår, heiter det at helsepersonell drar automatisk nytte av ordninga dersom dei blir smitta av korona og blir sjuke. Andre grupper må dokumentera at dei er koronasmitta i arbeid, i arbeidstida, på arbeidsplassen, og at dei ikkje er smitta på fritida.

For automatisk å bli definert som yrkesskade, er det eit vilkår at smitten må vera påført «...under arbeid på lege- eller tannlegekontor o.l. eller ved anna arbeid i miljø med særskilt sjukdoms- eller smittefare...», heiter det mellom anna.

Dei med størst smitterisiko

Dette er altså retta mot arbeid i helsevesenet, og meint å sikre dei som har større smitterisiko på arbeidsplassen enn det som er situasjonen i samfunnet elles.

YS meiner at yrkesgrupper også utanfor helsevesenet, dei som arbeider med høg smitterisiko dagleg, må ha same vilkår i yrkesskadeordninga. Dette gjeld til dømes bussjåførar, konduktørar, tilsette i butikkar og liknande.

No krev han at dei skal sleppa å dokumentera at dei er smitta på jobb

– Ein tilsett i helsevesenet treng ikkje å bevisa at han eller ho blei smitta på jobb, men ein konduktør eller bussjåfør må bevisa at han eller ho faktisk er smitta gjennom jobb.

Tett kontakt

Ove Carstensen er overkonduktør i Vy og kjem dagleg i relativt tett kontakt med reisande. Han fryktar for koronasmitte slik fleire av kollegaene har opplevd, og seinskadar som følgje av dette.

– Ja, eg tenkjer på korona når toga blir fulle, seier Carstensen.

Han meiner yrkesskadeordninga er urettferdig når han må dokumentera at han blei smitta under arbeid, i arbeidstida, på arbeidsplassen.

Carstensen er glad for at YS tar opp kampen for ei betre yrkesskadeordning.

– Då har ein i det minste tryggleik for at dersom ein skulle bli alvorleg sjuk og få varige mein av det. Så kan ein få ei yrkesskadeerstatning, seier han.

Vegard Einan er statssekretær for Høyre i Arbeids– og sosialdepartementet.

Statssekretær Vegard Einan (H) i Arbeids- og sosialdepartementet

Foto: Jan Richard Kjelstrup / ASD

I Arbeids- og sosialdepartementet avviser statssekretær Vegard Einan at ulik innretning på yrkesskadeordninga betyr at nokre yrkesgrupper er viktigare enn andre.

– Veldig mange yrkesgrupper gjer viktige jobbar for samfunnet, anten det er skule, barnehage, butikk, buss, helsepersonell eller andre yrkesgrupper som blir definert som samfunnsviktige.

Gir ikkje etter

Men han vil ikkje gi etter for kravet om at andre enn helsepersonell automatisk skal få alvorlege skader etter covid-19 godkjent som yrkesskade. Det må ei individuell vurdering til. Han meiner også erfaringane så langt viser at yrkesskadeordninga treffer godt.

– Uoffisielt oversyn frå Nav viser at dei aller fleste meldingar om skader etter covid-19 gjeld tilsette nettopp i helse- og omsorgsyrke. Svært få meldingar gjeld andre arbeidstakargrupper. Det kan tyde på at forskrifta verkar etter målet, seier Einan.

AKTUELT NÅ