Hopp til innhold

Buss for tog i heile sommar – mykje verre enn i fjor

Synest du det var mykje buss for tog i fjor sommar? Då er det berre å stålsetje seg. Det blir dobbelt så ille i år.

Tog på Skøyen stasjon

Passasjerane på Drammenbanen og Vestfoldbanen må belage seg på seks veker med buss for tog til sommaren.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Kommunikasjonssjef Gina Scholz i NSB har lite trøyst å kome med til togpassasjerane.

– Vi oppmodar alle dei som kan om å ta ut ferie i perioden det er buss for tog. Men det er ein utfordrande situasjon. Vi opplever passasjervekst over mange år, så det er svært mange reisande vi skal gi eit alternativ, seier ho.

I fjor sommar kjøpte NSB over 33.000 bussavgangar for tog. Det blei kalla ekstremt. Denne sommaren blir det dobbelt så mange avgangar med buss for togpassasjerane. Det betyr i praksis at over 400 bussar vil vere ute i trafikken på same tid, for at pendlarar og andre togpassasjerar skal kome fram.

Verst på Austlandet

Det er det sentrale Austlandsområdet som blir hardast ramma, spesielt Drammenbana og Østfoldbana. På strekninga Asker-Drammen blir det buss for tog frå 22. juni til og med 5. august, altså seks veker.

Gina Scholz, kommunikasjonsrådgiver i NSB

Gina Scholz i NSB oppmodar dei som kan om å ta ut ferie i buss for tog-perioden.

Foto: NSB

Frå 6. juli til 22. juli blir det stengt også mellom Skøyen og Asker. Då vil det vere heilt stengt frå Skøyen til Drammen.

Gina Scholz fortel om krevjande logistikk.

– Ein ting er kor mange bussar vi treng, men dei skal ut i ein trafikk som er tett frå før, så det er klart at dette blir krevjande, seier ho.

– Best for passasjerane

Det er Bane Nor som har ansvaret for skjenegangen, og dermed også for arbeidet som skal gjerast. Det er vedlikehald av Lieråstunnelen på Drammenbana og arbeidet med Follobana som fører til at togpassasjerane må over på buss i Intercity-området.

Pressesjef Thor-Erik Skarpen i Bane Nor seier at dette er arbeid som må gjerast i sommarferietida.

– For passasjerane er det ein stor fordel at strekninga er stengt når dei er på ferie og ikkje når dei er på jobb, seier han.

Her blir det buss for tog

Drammenbanen/Vestfoldbanen:

Asker–Drammen Veke 26 – 31

Skøyen–Drammen Veke 28 og 29

Spikkestadbanen Veke 28 og 29

Østfoldbanen:

Veke 21: Laurdag 25.5 kl. 02 – søndag 26.5 kl. 14

Oslo S-Kråkstad og Oslo S-Ed (i Sverige).

Oslo S-Rygge-Mysen er stengt laurdag og søndag veke 25.

Veke 26 køyrer toga Oslo-Kolbotn, men det er stengt Kolbotn-Rygge og Kolbotn-Mysen/Rakkestad.

Laurdag og søndag veke 26 er Oslo-Rygge og Oslo-Mysen/Rakkestad stengt.

Veke 27–31: Østre linje er stengt Oslo S–Mysen/Rakkestad.

Veke 27–31: Vestre linje er stengt Oslo S–Rygge.

Bergensbanen:

Veke 26–31. Bergensbanen køyrer over Roa, buss for tog Drammen – Hønefoss.

Sørlandsbanen:

Veke 21: Måndag-fredag mellom 0930–1430 mellom Drammen og Kongsberg

Veke 26–31: Buss for tog Kongsberg – Oslo

Gjøvikbanen:

Veke 21:

Måndag-fredag kl. 09–1530. Gjøvikbanen mellom Roa og Jaren

Laurdag 25.5 kl. 01–søndag 26.5 kl. 11 Gjøvikbanen Oslo S-Gjøvik

Dovrebanen:

Veke 21: Laurdag 25.5 kl. 02–måndag 27.5 kl. 07 Eidsvoll-Trondheim

Nordlandsbanen:

Veke 21: Laurdag 25.5 kl. 02–måndag 27.5 kl. 07 Trondheim-Lilleby/Leangen.

OBS! Alle togoperatører vil bli berørt av arbeider på forskjellige strekninger. Det betyr at også Flytoget er berørt når det er arbeider mellom Asker og Drammen. Også godstog berøres ved arbeider.

Kjelde: NSB og BaneNOR

NSB ber reisende forberede seg på forsinkelser

AKTUELT NÅ