I slutten av august la Børge Ousland og Mike Horn på tur for å krysse Polhavet frå Alaska til Svalbard med seglbåt og ski. Dette er ein tur ingen har gjort sidan Fridtjof Nansen og Hjalmar Johansen gjorde det på 1890-talet.
Men i slutten av november måtte dei be forskingsskipet «Lance» om å hente dei ut av isen. Skipet blei sjølv sittande fast i isen i to veker. 2. juledag kom dei seg laus, og kunne sette kurs for Longyearbyen.
Men turen har hausta mykje kritikk, blant anna i sosiale medium, frå folk som meiner polfararane sette både eige og andre sine liv i fare.
– Dette er den vanskelegaste turen eg har gjort. Vi trudde det ikkje ville vere noko særleg interesse for turen, så eg blei positivt overraska. No er det ikkje slik at alle treng å omfamne ein slik tur, og slik var det sikkert for Nansen og Amundsen også. Eg er kjempeglad for at folk er interessert i det, og har følgd med, seier han i programmet «Lindmo».
Betalte alt sjølv
På den siste delen av turen stod problema i kø for polfararane. Isen var tynnare enn det dei hadde rekna med, og han dreiv i feil retning. I tillegg av var det vanskelege forhold på den siste biten av turen.
Det gjorde at ting tok tid, og at det tæra på både kreftene og maten.
Til slutt blei Aleksander Gamme og Bengt Rotmo sendt ut frå «Lance» for å gå Ousland og Horn i møte. Men dei valde å fullføre ekspedisjonen utan hjelp.
Det var vanskelege forhold undervegs på turen for Mike Horn og Børge Ousland. Sprekker i isen og dårleg ver gjorde at det tok lenger tid enn ein først hadde rekna med.
Foto: Mike HornMen sjølv om det stod eit helikopter klart til å hente ut dei to polfararane, om det skulle bli naudsynt, seier Ousland at ekspedisjonen ikkje har kosta skattebetalarane ei krone.
– Vi betalte alt sjølv, og var heilt frå starten klare på at vi skulle vere sjølvforsynte frå dag ein. Dersom det hadde blitt ein redningsaksjon, hadde vi ein bankgaranti på 200.000 kroner til Sysselmannen på Svalbard. Så vi synest vi planla dette veldig godt.
Mediekritikk
Då problema kom mot slutten av ekspedisjonen, auka også medietrykket. Publikum kunne nærast følgje turen minutt for minutt.
Men den massive og dramatiske dekninga fekk kritikk. Blant kritikarane var politisk redaktør i Dagsavisen, Lars West Johnsen, som meinte media overdreiv i dekninga av det som skjedde.
– Dei er eigentleg berre fire timar unna Svalbard og ei seng i Longyearbyen. Det er ikkje det inntrykket ein får som lesar. Ein burde vere meir opne på at det ikkje står om liv og død.
Etter fire månader på tur, gjekk Horn og Ousland gå på land i Longyearbyen på Svalbard 28. desember i fjor.
Foto: privatDå Ousland og Horn tok seg om bord i «Lance» i desember, var dei nesten tomme for mat og brensel. Dei hadde knapt fått med seg den massive dekninga som hadde vore av dei siste dagane på tur.
– Vi var ikkje klar over at det var så mykje skriverier om det. Vi blei skjerma frå det fordi vi hadde nok med dei utfordringane vi hadde på isen.
Du kan sjå heile «Lindmo» på NRK 1 eller i NRK TV frå klokka 21.25 fredag.