Hopp til innhold

– Har nok «biplydar» i samfunnet

Snart må elbilar i Noreg bråka meir, har EU bestemt. Vedtaket blir både hylla og slakta av norske foreiningar og forbund.

Elbil på Mosseveien

Om nokre månader må Noreg endra forskrifta om godkjenning av bil for å oppfylla EU sitt krav om lydvarsling på elbilar og andre stillegåande køyretøy. Det såkalla akustiske varslingssystemet skal fasast inn frå 2019.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

EU vedtok i april i år eit krav om å utstyra elbilar og andre stillegåande køyretøy med eit lydvarslingssystem (AVAS).

Noreg er som følgje av EØS-avtalen plikta til å implementera den nye EU-forordninga. Det vil ifølgje Vegdirektoratet skje i løpet av 2–5 månader.

Norsk foreining mot støy meiner dette er eit feilgrep.

– Me vil ikkje ha meir lyd og støy i samfunnet. Det finst etter kvart ganske mange «biplydar», å tilføra enda fleire kan gjera folk meir desorienterte heller enn orienterte i trafikken, meiner Ulf Winther i Norsk foreining mot støy.

Blindeforbundet jublar

Arnt Holte i Norges Blindeforbund

Gledeleg, seier Arnt Holte i Norges Blindeforbund.

Foto: Norges Blindeforbund

Målet med å innføra lydvarsling er å hindra ulukker ved å gjera mjuke trafikantar meir merksame på elbilar og hybridbilar.

Lydsystemet AVAS skal laga lyd frå køyretøyet blir starta opp og fram til det når ein fart på 20 kilometer i timen – og når det ryggar.

Særleg synshemma vil få nytte av at stillegåande køyretøy lagar meir lyd.

Det internasjonale blindeforbundet har vore ein viktig pådrivar for å få på plass eit krav om lyd på stillegåande køyretøy. Medlemene er svært glade for å ha vunne fram – også i Noreg.

– Dette er ei god nyheit for oss. Det er veldig mange av oss blinde og svaksynte som no pustar letta ut over at det vil vera mogleg å bevega seg trygt i trafikken i framtida, seier assisterande generalsekretær i Blindeforbundet Arnt Holte.

Holte er også president i Verdas blindeunion og jobbar aktivt med å få på plass same lydkrav i alle land i verda. Han forstår ikkje innvendingane og ber om at andre må respektera at også blinde og svaksynta har behov for å føla seg trygge i trafikken.

Ulf Winther jobber hos støyforeningen Norsk forening mot støy.

– Eit lydvarslingssystem er ei dårleg og forhasta løysing på problemet, meiner Ulf Winther i Norsk foreining mot støy.

Foto: Gard Brox Jensen / NRK

Norsk foreining for støy er ein av totalt åtte eksterne høyringsinstansar som sende sine synspunkt på til Vegdirektoratet før fristen gjekk ut 1. oktober. Dei forstår at blinde og svaksynte føler utrygge i trafikken og at ei form for lydsignal kan vera til hjelp.

– Men lyd på stillegåande køyretøy er ei dårleg og forhasta løysing på problemet. Me vil heller at elbilsjåføren blir varsla om mjuke trafikantar i nærleiken, og ikkje omvendt. Slike sensorsystem er under utvikling, seier Winther.

Krev lik lyd for alle

Elbilforeininga er også kritiske til lydvarsling. I sitt høyringsforslag erkjenner dei likevel at mange elbilistar opplever farlege situasjonar med mjuke trafikantar som følgje av lågt støynivå.

Det er førebels uvisst om EU sitt lydvarslingssystemet (AVAS) får ein «biplyd» eller ein annan klang.

Elbilforeininga stiller som krav at alle bilmodellar må få same lyden, og krev at eit varselsystem må vera tidsavgrensa til stillegåande bilar dominerer vegtrafikken.

Elbil

Noreg har blitt eit føregangsland når det gjeld innfasing av elbilar. Berre hittil i år har meir enn 13.623 nye elbilar rulla ut på den norske asfalten. Det er venta at me når 50.000 elbilar rundt påske neste år.

Foto: Kjartan Ovesen / NRK

Trass i protestar, vil varslingslyd for elbilar bli ein realitet i Noreg frå 2019.

Reservasjonsretten blir teken i bruk «ekstremt sjeldan», opplyser jurist og leiar ved kontoret for køyretøyteknikk i Vegdirektoratet Håkon Rosendahl til NRK:

– Moglegheitene for å kunne påverka eller stoppa ei implementering av vedteke EU/EØS-regelverk er ganske små. EU ville nok ha oppfatta det som ei handelshindring dersom Noreg nekta å godkjenna køyretøy med lydsystem. Det er ein av berebjelkane i EØS-avtalen at regelverket er likt i alle land, utdjupar Rosendahl.

Kva er då vitsen med å senda ei forskriftsendring ut på høyring?

– Å gje råka instansar moglegheit til å påverka er berre eitt av fleire viktige føremål med ei høyring. Å spreia informasjon om det nye regelverket er også ein sentral del av dette, seier juristen i Vegdirektoratet.

AKTUELT NÅ