Hopp til innhold

Torhild fekk ikkje leige ut til flyktning - no legg kommunen seg flat

Torhild Eide Torgersen prøvde å leige ut leilegheita si til Jned Maskan frå Syria. – Dei ber oss hjelpe, men det er jo umogleg. No legg Bergen kommune seg flate.

Torhild Eide Torgersen

MØTTE VEGGEN: – Det er eit byråkrati som ikkje gagnar andre enn byråkratane, seier Torhild Eide Torgersen frå Bergen. Ho får ikkje leigd ut hybelen sin til ein flyktning.

Foto: privat

– Vi har kome med feilinformasjon i saka, og kan berre legge oss flate, seier byråd for sosial, bustad og inkludering, Erlend Horn (V) i Bergen kommune.

Han viser til kronikken «Velkommen til Norge! Særlig ...» som stod på trykk i Bergens Tidende laurdag.

Der fortel Torhild Eide Torgersen om korleis ho har opplevd å møte byråkratiet då ho ville leige ut hybelen sin til ein flyktning.

– Det er forferdeleg frustrerande å oppleve å møte på ein massiv vegg av byråkrati. Som ei Kafka-kjensle, seier ho.

Jnad Maskan

STREVAR:- Det er tøft å ikkje vite kvar ein skal bu, og eg er svært takksam for Torhild si hjelp, seier Jned Maskan.

Foto: privat

For ønsket om å hjelpe flyktningar har vore der lenge i ho. Med annonse på finn.no, stort pågangsmot og entusiasme venta ho på telefonar. Og dei kom. Telefonen gløda like etter annonsen vart lagt ut.

– Eg kunne leigd ut staden mange gonger, og allereie i desember. Men eg hadde bestemt meg for at eg kunne bidra med å leige ut til nokon som verkeleg treng det, seier ho.

«Omsider kommer jeg gjennom. Når er du født, spør damen i andre enden. Når jeg er født? Det spiller vel ingen rolle, jeg har et spørsmål vedrørende bostøtte. Ja, nettopp, og da må du snakke med en saksbehandler for statlig bostøtte. De er inndelt etter fødselsdato. Når er du født? Mars? Ja, skal vi se … nei hun er ikke der i dag. Da må du prøve igjen på mandag»

Torhild Eide Torgersen

Vart feilinformert

Ein av dei som tok kontakt var Jned Maskan frå Syria.

– Eg ville ha hybelen, ho sa ja, og då trudde eg at alt var i orden.

Men så enkelt skulle det vise seg ikkje å vere.

To månader er gått sidan Torgersen første gong stilte spørsmål om utleige, reglar, finansiering, og starta å prate med Maskan.

I innlegget ho skreiv i BT fortel ho i detalj om telefonar til kommunen, til Husbanken, til kommunen igjen, og igjen.

– Det var den eine sakshandsamaren etter den andre, fortel ho.

Nokre var til lunsj, andre var ikkje på jobb, og den eine som kunne svare, svarte ikkje. Samstundes byrja det å haste med å få ein bustad for Maskan.
Torgersen meiner informasjonen ho fekk varierte, og endra seg heile tida.

- Det er vanskeleg å oppleve dette. Det er trist, seier Maskan.

Byråd fekk vondt i magen

– Det fungerer slik at brukaren av systemet ikkje vert høyrd eller forstått. Det hjelper jo lite at dei som har laga regelverket forstår det, så lenge dei som skal nytte seg av det ikkje forstår noko. Her må det endring til.

Erlend Horn

LEGG SEG FLAT: Byråd for sosial, bustad og inkludering Erlend Horn (V) i Bergen kommune seier dei har feilinformert i saka, og legg seg flat.

Foto: Pressefoto

Torgersen fekk mellom anna beskjed om den 22. kvadratmeter store hybelen var for liten til å fungere som bustad for flyktningar. Regelverket, meinte kommunen, sa at hybelen måtte vere over 35 kvadrat, og i tillegg ha ei bod.

Byråd Horn frå Venstre ringde Torgersen måndag for å rose henne for å fortelje om situasjonen.

– Eg forstår at Torgersen opplever det som ein Kafka-prosess. Då eg las kronikken fekk eg vondt i magen, det er ikkje slik vi skal ha det. No har vi oppretta "Bergen bidreg", der folk skal få informasjon om korleis dei kan hjelpe, seier Horn.

– Det har vore feilinformasjon frå kommunen si side i denne saka?

– Ja, det er eit paradoks at ein innbyggjar som ønskjer å hjelpe berre møter utfordringar. Vi må sjå på systemet her, seier Horn.

– Det er ikkje personane i kommunen eg kritiserer. Det er systemet. Vanlege folk må kunne forstå det utan å gje opp, seier Torgersen.

«Akkurat ja, hybelen din er ikke registrert. Vil du at vi skal se på det nå? Ja, greit, la oss gjøre det. Cirka hvor stor er den? 22 kvadratmeter? Å, ja, da kan jeg allerede nå fortelle deg at dette blir vanskelig. Staten har et krav på at den må være minst 35 kvadratmeter pluss bodplass for å bli godkjent. Eventuelt kan du søke om dispensasjon, da må du påregne en saksbehandlingstid på minst tre måneder. Du skal leie ut fra 1. januar, sier du?»

Torhild Eide Torgersen

Treng alle bustader dei kan få

Ifølgje Integrerings og mangfaldsdirektoratet, IMDI, er det i 2016 18 000 flyktningar som skal busetjast i kommunane. Aldri før har det vore eit så stort behov for bustader til flyktningar i Noreg.

Bente Blytt, regiondirektør i IMDi Vest.

TRENG ALLE: – Vi treng alle bustader som folk kan tilby, seier Bente Blytt.

Foto: Privat

Dei oppmodar privatpersonar om å ta kontakt med eigen kommune om det finst ledig husvære.

– Vi er svært glade for at privatpersonar melder seg og vil leige ut til flyktningar, fortel regionleiar i IMDI region Vest, Bente Blytt.

– Eit stort paradoks

IMDI seier også at flyktningar som klarer å finne bustad sjølve, også sparer samfunnet for store ressursar.

– Maskan gjorde jo nettopp det. Då vert det ganske meiningslaust å oppleve det eg har opplevd, seier Torgersen.

Ho meiner ho er over snittet interessert i å hjelpe som treng det, og dermed har ho også orka å stå i telefonkø, diskutert, venta, venta endå meir, og teke endå nokre telefonar.

– Men regelverket og systemet må vere så lett å handtere at også dei som ikkje orkar dette, får leigd ut. Og at dei ikkje gjev seg. Systemet er alt anna enn brukarvenleg.

Samstundes som Torgersen har vore gjennom timar og månader med venting og frustrasjon, har regjeringa arbeidd med å lage eit enklare regelverk. Det er kommunal og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) nøgd med.

– Vi har lagt til rette for at det skal vere enklare å gjere ein bustad om til utleigebustad. Det har kome nye reglar frå nyttår, og vi meiner det er viktig at flyktningar vert busett fort og vert integrerte. Så eg vil rose Torgersen for å opne heimen sin, seier ministeren.

Han seier det ikkje stemmer at ein bustad som skal bli godkjend som bustad for flyktningar må vere over 35 kvadrat og ha bod.

Sanner forstår at ho gav opp

– Feilinformerer kommunen Torgersen her?

– Ja, om det stemmer det ho skriv at det er tilbakemeldinga ho har fått, er det heilt feil. Det finst ikkje reglar om dette, seier Sanner.

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner gestikulerer med hendene

FEIL: – Det er heilt feil at vi stiller krav til kvadratmeter for bustader for flyktningar, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H).

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

– Har du sjølv prøvd å leige ut bustad til flyktningar og teke desse telefonane Torgersen har gjort?

– Nei, det har eg ikkje. Men det skal ikkje vere slik at når ein ønskjer å hjelpe, så opplever ein å stange hovudet i eit byråkrati og stive reglar. Det kan jo få folk til å gje opp.

– Torgersen gav opp, forstår du det?

– Ja, det forstår eg. Offentleg sektor skal vere brukarorientert, og her må Bergen kommune følgje med og informere om korleis regelverket er.

Maskan gav opp, og sa til Torgersen at ho berre måtte finne andre leigetakarar.

– Men eg ville ikkje gje meg. Han flytta inn søndag, utan økonomisk støtte klarer han to månader. Då brukar vi to månader på å klare å løyse dette, klarer vi ikkje det veit eg ikkje.

- Eg veit ikkje kva eg gjer om eg ikkje får halde fram med å bu hos Torhild. Ho har vore til stor hjelp, og eg veldig takksam, seier Maskan.

«Min potensielle leieboer - la oss kalle ham X - forteller meg at han trenger bostøtte for å kunne flytte inn i hybelen. Denne søknadsprosessen er lengre enn at han vet svaret før min utleiedato begynner, så han beklager og sier at jeg nok bør finne noen andre. Nei da, svarer jeg i min naive optimisme. Jeg vil gjerne hjelpe deg. Det kan vel ikke være så vanskelig!»

Torhild Eide Torgersen
Hybel

FOR LITEN: Hybelen på 22 kvadratmeter var for liten til å leige ut til ein flyktning, fekk Torhild Eide Torgersen beskjed om. Men det var feil.

Foto: privat

AKTUELT NÅ