Hopp til innhold

Ber politiet handheve forbodet mot drikking på offentleg stad

Fråhaldsorganisasjonen IOGT ber politiet gjere meir for å få slutt på drikking av alkohol i parkar. Politiet seier dei må prioritere drikking i friluft opp mot andre oppgåver.

IOGT meiner forbodet mot drikking av alkohol på offentleg stad må handhevast strengare.

VIDEO: Krev strengare handheving av forbod mot drikking på offentleg stad.

Det er sommar og høgsesong for å samle seg i parkar og i andre offentlege møteplassar. Og ofte tek folk med seg alkohol når dei skal kose seg ute. No meiner IOGT at det har blitt altfor mykje av det, og dei ber politiet handheve lova.

Hanne Cecilie Widnes.

Hanne Cecilie Widnes er generalsekretær i IOGT.

Foto: NRK

For lova er klar på dette området. Det er ikkje lov å nyte alkohol på offentleg stad. Likevel blir det synda mot dette forbodet dagleg i den lyse og varme årstida. Hanne Cecilie Widnes, generalsekretær i IOGT , synest ikkje dette er greitt.

– Politiet bør vere tydelegare

– Politiet burde vere tydelegare på at det ikkje er lov til å drikke alkohol i parken. Dei bør ikkje nødvendigvis gi bøter, men i alle fall gå bort til dei som bryt forbodet, og på ein høfleg og hyggjeleg måte fortelje at dette ikkje er lov, seier Widnes til NRK.

Ho viser også til ei undersøking Opinion har gjort for IOGT, der det kjem fram at rundt halvparten av oss er samde eller delvis samde i at forbodet mot å drikke på offentleg stad, må handhevast strengare.

Robert Thorsen, politioverbetjent.

Robert Thorsen er politioverbetjent og sjef for patruljeseksjonen i Oslo politidistrikt aust.

Foto: NRK

Det går også fram av undersøkinga at 20 prosent av oss har opplevd ubehagelege situasjonar knytte til alkoholbruk på offentleg stad.

– Vi må prioritere

Robert Thorsen er politioverbetjent og sjef for patruljeseksjonen ved Oslo politikammer. Han seier dei heile tida må prioritere kva som er viktigast.

– Dette går på kapasiteten vår. Vi må heile tida prioritere kva vi vel å rette merksemda vår mot. I den grad vi har kapasitet, så handhevar vi også dette forbodet i tråd med lovverket. Det betyr at ein kan bli bøtelagt for drikking på offentleg stad, seier han.

– Ikkje noko problem

Nathalie Salmina.

Nathalie Salmina synest ikkje drikking av alkohol i parken er noko problem, så det lenge ein ikkje drikke for mykje.

Foto: NRK

På ei vandring i Sofienbergparken på Grünerløkka i Oslo er det ikkje vanskeleg å finne menneske som kosar seg med alkoholhaldig drikke i sommarvarmen. Nathalie Salmina meiner det ikkje er noko problem med å drikke litt i parken, så lenge ein ikkje overdriv.

– Så lenge ein klarar å halde det på eit akseptabelt nivå, som eit glas vin eller to, så er det ikkje noko problem, seier ho.

På spørsmål om ho har hatt ubehagelege opplevingar knytte til drikking ute, svarar ho nei.

– Eg har aldri opplevd det sjølv, men eg kan forstå at dei som ikkje drikk sjølve synest det er ubehageleg, seier ho.

Sjekk om du drikker for mye i sommervarmen

Politiet: – Vi er skremt over holdningene på sjøen

AKTUELT NÅ