NRK Meny
Normal

Fleire barn reiser tilbake til valdeleg heim – barnevernet ikkje varsla

Mange barn blir tatt med frå krisesentera og tilbake til ein valdeleg heim utan at barnevernet blir varsla, viser nye tal.

barnevern

TILBAKE TIL HEIM MED VALD: I fjor reiste 354 barn frå norske krisesenter og tilbake til ein heim med vald.

I fjor reiste 354 barn frå norske krisesenter og tilbake til ein heim med vald. Då skal krisesentera melde frå til barnevernet.

Men for 82 barn vart det ikkje gjort, ifølge statistikk Sentio har laga for Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Bufdir.

– Dette er barn som sjølve er utsette for vald eller opplever vald i familien. Vi veit at begge deler er skadeleg, seier Mari Trommald, direktør i Bufdir.

Ho er redd for at barn ikkje får den hjelpa dei treng.

– Dette er barn som er i ein veldig sårbar situasjon. Barnevernet skal undersøke og setje i verk tiltak. I verste fall kan barna komme i ein situasjon der dei ikkje får hjelp.

– Farleg for barna

Tove Smaadahl, leiar for Krisesentersekretariatet, har kontakt med mange av krisesentera rundt omkring i landet.

– Nokre seier at dei melder alle. Nokre vedgår at det har skjedd ein glipp. Det er farleg for barn å leve i ein relasjon med vald, og det er viktig at dette blir meldt.

Ho trur nokre kvir seg for å melde frå fordi dei er redde for å øydelegge tilliten. At kvinner blir redde for å komme tilbake til krisesentera igjen om dei veit at barnevernet blir involvert.

– Vi veit at mange reiser, og så kjem dei tilbake til sentra.

– Melder alle

Inger-Lise Walmsness Larsen, leiar for Oslo Krisesenter, seier at dei alltid melder frå i slike saker. Ho synest det er vanskeleg å forstå talet frå direktoratet.

– Kanskje litt av bakgrunnen er dårleg registrering. Når mor og barn blir registrert ut gløymer kanskje nokon å krysse av for om det har blitt sendt barnevernsmelding.

Når kvinner, menn eller barn er på krisesenteret har dei kontroll på kva som skjer.

– Då kan vi hjelpe. Når dei flyttar ut så er det barnevernet som kan vere der. Difor er det viktig at dei blir varsla

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger