![Styreleiar Rolf Johan Ringdal presenterte Bahr sitt syn på Tønne-saka. Til venstre høgsterettsadvokat Ole Lund. (Foto: Terje Bendiksby, Scanpix) Styreleiar Rolf Johan Ringdal presenterte Bahr sitt syn på Tønne-saka. Til venstre høgsterettsadvokat Ole Lund. (Foto: Terje Bendiksby, Scanpix)](http://img.nrk.no/img/228085.jpeg)
Styreleiar Rolf Johan Ringdal presenterte Bahr sitt syn på Tønne-saka. Til venstre høgsterettsadvokat Ole Lund. (Foto: Terje Bendiksby, Scanpix)
På ein pressekonferanse i føremiddag presenterte styreleiar Rolf Johan Ringdal advokatkontoret sin versjon av saka. Han sa seg lei for at selskapet sende ut ein faktura der honoraret til Tore Tønne ikkje gjekk fram.
Involvert
- Vi ser i ettertid at fakturaen kunne vore utforma på ein annan måte, og seier oss leie for at feilen har gitt grunnlag for reaksjon frå Økokrim, sa Ringdal. Han presiserte at Tønne var involvert i diskusjonen om fastsetjinga av det såkalla suksesshonoraret, men ikkje i utforminga av fakturaen som vart send fråå BA-HR til Aker RGI i juni i fjor.
Advokatfirmaet avviser likevel at dei har vore med på å skjule inntektene til Tore Tønne fordi han fekk etterløn frå staten.
Tønne laga ein rapport for Aker RGI om eit oppkjøp av Kværner, samstundes som han var styremedlem i Kværner og hadde lånt pengar frå Aker RGI, som er Kjell Inge Røkke sitt selskap.
- Sambandet mellom Tønne og Aker kom ikkje fram i rekneskapen for å hindre eventuelle søksmål i USA, sa Ringdal blant anna.
Fusjonsforhandlingar
Etter pressekonferansen vedgjekk Ringdal at årsaka til at Tønne-honoraret ikkje kom fram i den omstridde fakturaen, var dei hemmelege fusjonsforhandlingane som gjekk føre seg mellom Aker RGI og ABB. Eit asbestkrav i milliardklassen fylgde med på kjøpet, og ein komplisert organisasjonsmodell skulle syte for at dette kravet ikkje ville råke Aker RGI.
Det faktum at Tønne både var nestleiar i Kværner-styret då fusjonssamtalane fann stad og hadde eit rentefritt lån på tre millionar kroner og eit uteståande suksesshonorar frå Aker RGI kompliserte situasjonen. Dette var årsaka til at honoraret på fakturaen ikkje vart spesifisert, og difor var det også meininga av suksesshonoraret skulle nyttast til å nedbetale lånet.
Fusjonsforhandlingane med ABB vart avslutta utan ein avtale.
- Det viktigaste for oss er å dokumentere den urette koplinga mellom avdøde Tore Tønne si statsrådsgjerning og etterløn, og fakturaen frå BA-HR til Aker RGI. Denne koplinga førte til grove og falske skuldingar om korrupsjon og kvitvasking, og sette sentralt involverte aktørar i eit svært uheldig ljos, sa Rolf Johan Ringdal.
På spørsmål om kvifor advokatfirmaet ikkje har fortalt om dette tidlegare, vart det svart at Økokrim fekk all naudsynt informasjon i byrjinga av desember, men at BA-HR hadde teieplikt i saka.
Kritikk
Advokatfirmaet overleverte og offentleggjorde ei fråsegn til Advokatforeninga om forhold knytte både til Tønne-saka, den såkalla Breireim-saka og Finance Credit-saka. Her kjem BA-HR med sterk kritkkk mot Økokrim.
I fråsegna heiter det at Økokrim si etterforsking viste at det ikkje har gått føre seg korrupsjon, kvitvasking, dokumentmakulering og bedrageri, og at det ikkje er grunnlag for å hevde at advokatane i BA-HR er uredelege.
- Økokrim gjorde trass i massiv mediaomtale ingenting for å meddele desse nagative resultata av etterforskinga til media, heiter det i fråsegna.