Hopp til innhold

Åtvarar mot glatte vegar

Meteorologane har sendt ut obs-varsel i fleire fylke. Grunnen er at det er venta vanskelege køyreforhold fordi det skal kome snø.

Glatt vei

Den første snøen på Austlandet kan gi vanskelege køyreforhold enkelte stader, seier Meteorologisk institutt. Dei har difor sendt ut obs-varsel i morgontimane.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

I morgontimane kjem det snø på Austlandet. Meteorologisk institutt har difor sendt ut obs-varsel for Oslo, Akershus, Østfold, Vestfold, Buskerud og Telemark, og åtvarar mot glatte vegar og vanskelege køyreforhold.

– Vi veit av erfaring at slikt snøfall ofte kjem overraskande på folk. Det blir ofte ein del uhell fordi ein ikkje er vant med slike køyreforhold. Vi oppmodar difor folk som skal ut og køyre no, om å køyre forsiktig, seier statsmeteorolog Kristian Gislefoss.

Og dei som framleis ikkje har lagt om til vinterdekk, bør la bilen stå.

Vanskelegast forhold på småvegane

Det er venta mest snø i ytre strok, og den første snøen har allereie lagt seg i Aust-Agder og i Telemark. Og no er nedbøren i ferd med å bevege seg nordover. Men det er uvisst kor lenge snøen kjem til å ligge.

– Det kan bli vanskelege køyreforhold, særleg på småvegane. Her vil nok snøen lettare kunne legge seg. På dei større vegane, som europavegane, er det meir trafikk, og det blir salta. Her vil det ikkje så vanskelege forhold, trur Gislefoss.

Frosten gjer også at det kan ligge eit rimlag under snøen, og at snøen lettare legg seg enkelte plassar. Det er difor viktig at folk tek høgde for dette når dei skal ut å køyre, seier han. Det er venta at temperaturane skal stige litt ut over dagen. Og så vil også køyreforholda betre seg.

AKTUELT NÅ