Åtvarar mot å lovfeste lærlingplass

Regjeringa bad jussprofessor Henning Jakhelln vurdere korleis ein kunne lovfeste retten til lærlingplass. Han kjem ikkje med det svaret dei ønskjer å høyre.

Lærling

Regjeringa ønskjer å foreslå lovfesta rett til lærlingplass, men møter motbør hos juss-professor.

Foto: Victoria Uwonkunda / NRK

Nesten 3000 unge i yrkesfaglege utdanningar har ønskt seg ein lærlingplass i rørleggarbedrifter, frisørsalongar eller på bilverkstader i år utan å få det.

Mangelen på lærlingplassar blir vurdert som eit stort problem og ei viktig årsak til fråfall frå vidaregåande utdanning. Spørsmålet er kva ein skal gjere for å løyse det.

Både Ap og SV har programfesta at dei vil innføre ein lovfesta rett til lærlingplass. I regjeringserklæringa Soria Moria 2 står det at Regjeringa vil lage ei utgreiing om spørsmålet.

Løyser ingenting

Jusprofessor Henning Jakhelln

Juss-professor Henning Jakhelln åtvarar regjeringa mot å lovfeste retten til lærlingplass.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX
Elisabeth Aspaker

Høgres utdanningspolitiske talskvinne Elisabeth Aspaker ber regjeringa leggje forslaget i skuffen.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

- Eg trur ikkje lovfesting av rett til lærlingplass løyser dei grunnleggande problema, seier professor emeritus Henning Jakhelln til NRK. I eit problemnotat han nylig har levert til regjeringa peikar han mellom anna på:

* Rett til læreplass fører til at nokon får plikt til å tilby læreplass. Kven skal det vere? Enkeltbedrifter? Bransjar? Det offentlige?

* Lovfesting vil vere problematisk for små bedrifter.

* Det vil vere vanskelig å garantere lærlingplass innanfor riktig fagområde.

* Lovfesting kan innebere at lærlingar får plass i bedrifter som ikkje ønskjer dei.

Last ned professor Henning Jakhelln sitt problemnotat her.

- Det ein eventuelt gjer her er å lage ei ordning der ein person kan tvinge seg inn i bedrifta med ein lovfesta rett – satt på spissen – mot bedrifta sin vilje. Eg tvilar på at det er den beste starten på eit arbeidsforhold, seier Jakhelln.

- Legg det i skuffen

Høgres utdanningspolitiske talskvinne Elisabeth Aspaker meiner heile arbeidet med å skaffe fleire lærlingplassar lid av at Regjeringa har hengt seg opp i spørsmålet om lovfesting.

- No må Regjeringa skjønne at dei må skrinlegge ideen om at ein kan lovfeste seg ut av problemet med for få lærlingplassar, seier Aspaker til NRK.

Ho viser til at eit offentlig utval allereie i 2008 ga råd om at lovfesting ikkje var vegen å gå. Den ekstra runden med utgreiing som har blitt gjort no burde difor vere heilt unødvendig, meiner Aspaker.

– Her er det jo om å gjere å motivere og få det til på den gode måten. Då treng vi andre verkemiddel enn lovfesting.

Vil ikkje tvinge

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) seier ho ikkje har sett for seg ei lovfesting som betyr at enkeltbedrifter blir tvinga til å ta imot lærlingar. Ho har likevel ikkje lagt bort tanken om ei slags lovfesting enno.

– No skal vi gå gjennom dei argumenta vi nettopp har fått frå Jakhelln. Men mange som vel yrkesfag får ikkje fullført utdanninga si fordi vi har for få lærlingplassar. Då må vi forplikte oss meir.




Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger