Hopp til innhold

Arrestert i Oslo i dag – dette er Greg Johnson

Den amerikanske høgrenasjonalisten Greg Johnson, som vart arrestert i Oslo tidlegare i dag, er kjent som antisemitt og sterk motstandar av innvandring.

Demonstrasjon mot høgreradikale på Sinsen.

Ei gruppe antifascistar demonstrerte mot konferansen til Scandza Forum ved Sinsen laurdag.

Foto: NRK

Det var i samband med organisasjonen Scandza Forum sin konferanse i Oslo i føremiddag at Johnson vart arrestert. Politiet opplyser at amerikanaren, som skulle vere ein av hovudtalarane på konferansen, vart arrestert etter ordre frå PST.

Martin Bernsen i PST seier til NRK at dei aksjonerte på bakgrunn av Utlendinglova, og at Greg Johnson kan spele ei radikaliseringsrolle.

Greg Johnson, amerikansk høgrenasjonalist.

Greg Johnson vart arrestert ved Sinsen i Oslo laurdag føremiddag. Biletet er nokre år gammalt.

Foto: SVT

– Han forfektar og kommuniserer ein høgreekstrem ideologi. Det er ein fare for at det kan resultere i vald eller valdelege handlingar. Han blir derfor bortvist frå Noreg, seier han.

– Berre ei drøfting

Nettstaden Filter Nyheter har tidlegare denne veka omtalt ein artikkel Johnson skreiv om Anders Behring Breivik i 2012.

Ifølgje nettstaden hyllar Johnson her grunngjevinga for at Breivik massakrerte 69 menneske på Utøya og i regjeringskvartalet i Oslo i 2011. Sjølv avviser Johnson at han støtta sjølve handlinga til Breivik, og at han i teksten berre drøfta Breivik sine eigne påskot for det han gjorde.

Tvert i mot hevdar Greg Johnson at han alltid konsekvent har fordømt vald og terror, og at han ikkje veit om nokon andre som så klart og eintydig har uttalt seg mot høgreorientert terror som han.

Han meiner Filter har teke sitat frå teksten ut av den rette samanhengen.

Via nordmannen Hans Lysglimt Johansen seier han til NRK at dei no ser på moglegheita av å ta rettslege steg mot Filter Nyheter.

Stat berre for kvite

Wikipedia står det at Greg Johnson er ein amerikansk, kvit nasjonalist som arbeider for ein stat der berre kvite kan bu. Han vil at alle jødar skal flytte til Israel, og elles skal alle folkegrupper styre seg sjølve på eigne område. Han er ein sterk motstandar av innvandring.

Han har derimot avvist påstandar om at han meiner at dei kvite er overlegne andre menneskegrupper. Men han har også sagt at svarte menneske ikkje finn seg til rette i den kvite sivilasjonen, ifølgje Wikipedia.

På Wikipedia står det også at han har skrive at «kvit nasjonalisme er uunngåeleg antisemittisk».

Utdanna filosof

Greg Johnson er ein viktig aktør i det høgreekstreme miljøet i USA, og han blir ofte invitert til Europa for å tale på ulike samlingar i nasjonalistiske organisasjonar. Han har skrive eller gitt ut rundt 40 bøker, anten under eige namn eller pseudonymet Trevor Lynch.

66-åringen er utdanna i filosofi ved Oregon State University og ved Catholic University of America. Han er redaktør for Counter Currents Publishing og har basen sin i Seattle.

Han er kjend som motstandar av prevensjon, fordi han meiner at berre vidsynte og ansvarlege menneske har vit nok til å drive planlegging av barnefødslar. Dei dumme og impulsive tenkjer ikkje slik. Derfor vil han ikkje at enkeltmennesket sjølv skal bestemme over slike ting.

Johnson er redd for at kvite menneske får for få born, og at det ein stor fare for den «kvite rasen» si framtid.

AKTUELT NÅ