Hopp til innhold

LO: – Ein giftig cocktail for framtida

Tusenvis står utan studieplass til hausten. Kombinert med talet på unge utan jobb utgjer dette ei krise for framtida, meiner LO.

Torbjørn Røe Isaksen

GIFTIG COCKTAIL: Rekordmange står utan ein studieplass i haust. LO kritiserer regjeringa for ikkje å satse nok. Dei meiner arbeidsløyse og manglande studieplassar er ein dårleg kombinasjon.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

I dag presenterte Samordna opptak tala for opptak til høgare utdanning i 2017. Aldri før har så mange søkt seg til høgare utdanning, rekordmange har fått tilbod om plass, men svært mange står også igjen utan eit studietilbod denne hausten. Dette uroar LO.

LO-leiar Hans Christian Gabrielsen

KRISE: Leiar i LO, Hans Christian Gabrielsen, meiner det er ei krise for landet at ungdom står utan jobb eller studieplass.

Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

– Det er ikkje ofte eg brukar ordet krise, men det er ei klar krise for dagens ungdom no, seier LO-leiar Hans Christian Gabrielsen.

Han siktar til at det er ti tusen færre som har fått tilbod om ein studieplass no enn for fire år sidan.

Av dei 117.488 søkjarane var det 80 prosent som fekk tilbod om ein studieplass.

– Dette kjem på toppen av ei allereie rekordhøg arbeidsløyse blant ungdom og på toppen av manglande lærlingplassar. Opp mot hundre tusen unge mellom 18 og 30 år står utanfor arbeid eller i utdanning, seier Gabrielsen.

– Farleg om ungdom ikkje får jobb eller utdanning

LO-leiaren fryktar at kombinasjonen av arbeidsløyse og manglande studieplassar vil vere skadeleg.

– Summen av dette utgjer ein giftig cocktail for framtida til landet. Det er ikkje bra at ungdom over tid blir gåande utan aktivitet.

– Kva tiltak saknar du frå dei som styrer landet?

– Utviklinga burde ikkje kome som ei overrasking for nokon. Vi har ei høg arbeidsløyse, då søkjer fleire studieplass. Derfor burde dei store pengane blitt brukt på å investere i ungdommen og framtida, gjennom studieplassar, lærlingplassar og kompetansegivande tiltak.

Fryktar lærarkrise

LO-toppen trekk spesielt fram lærarutdanninga.

– Vi risikerer ei lærarkrise i framtida om vi ikkje får fleire inn på lærarstudiet. Det er dei som skal sikre kompetanse til komande generasjonar, seier han.

Lærarutdanninga, med auka krav til søkjarane og ei ny femårig utdanning har vore eit av prestisjeprosjekta til kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H). I dag var han med då Samordna opptak presenterte søkjartala, men er ikkje like uroa for lærarsituasjonen.

– Det er all grunn til å tru at vi kjem til å få rekrutteringa enda meir opp og at ei ny masterutdanning gjer at det vert eit meir prestisjefullt studie.

– Mykje peikar i riktig retning

Ministeren delar uroa til LO når det kjem til ungdom utan studie eller jobb, men meiner samtidig at det er mykje som utviklar seg positivt.

– Gabrielsen burde vere reieleg og vist til at vi har fleire studentar enn tidlegare, at det vert skapt fleire arbeidsplassar, at arbeidsløysa går ned og verdiskapinga opp, seier Røe Isaksen.

– Er det ingen grunn til bekymring?

– Jo, vi burde vere uroa for ungdom som står utanfor studie og arbeidsliv, men å skulde på regjeringa vert feil. Ta for eksempel lærlingtilskotet, det stod stille under åtte år med raudgrøn regjering, den regjeringa Gabrielsen støttar, den har vi auka. I tillegg har vi satsa på fagskulen, seier han.

AKTUELT NÅ