I 2011 skulle brygga på eigedommen til Jonas Gahr Støre i Kilsund oppgraderast. Støre bad ein fastbuande, som også fungerer som vaktmeister for Støre, om å utføre arbeidet. I oppgjeret mellom Støre og han blei det gjort opp med faktura og moms.
Men vaktmeisteren fekk hjelp av to arbeidarar for å utføre arbeidet. Og mellom dei blei det gjort opp som godtgjering og vennetenester, utan moms og skatt, skriv Finansavisen (abonnement).
Støre seier han ikkje visste
– Korleis avtalepartnaren min organiserte arbeidet, var hans ansvar, skriv Jonas Gahr Støre i ein e-post til Finansavisen.
Han skriv at han ikkje visste at delar av arbeidet blei gjort som godtgjering utan skatt og moms, og at han difor ikkje trong å følge dette vidare opp.
- Les:
– Eg har betalt for eit avtalt oppdrag til avtalt pris, med faktura og moms, skriv Støre.
Professor i skatterett, Ole Gjems Onstad, seier til Finansavisen at bytte av profesjonelle tenester er skatte- og momspliktig. Vaktmeisteren seier han ikkje var klar over dette.
Vennetenester
I arbeidet blei det brukt to medarbeidarar og utstyr frå ein lokal entreprenør. Vaktmeisteren seier arbeidet blei utført som ein venneteneste, etter at han hadde hjelpt dei privat tidlegare. Han seier også at han hadde ein munnleg avtale med entreprenøren om å låne utstyr av han. Også det var ei gjenyting frå tidlegare.
Men entreprenøren seier han var bortreist, og ikkje visste om arbeidet. Han skreiv difor i ettertid eit brev til Støre der han orienterte om kva som hadde skjedd. Han kallar arbeidet «ureglementert». I brevet, som Finansavisen har fått lese, skriv entreprenøren også at dette var ein svært uheldig episode for han og firmaet, og at han håper å få saka raskt ut av verda.