Arbeidarpartiet trugar med boikott av Arendalsuka

Arbeidarpartiet reagerer på at innvandringsfiendtlege Alliansen får delta med stand og markering under Arendalsuka. No vurderer partiet å boikotte arrangementet, skriv Dagbladet.

stenseng støre

REAGERER: Arbeidarpartiets partisekretær Kjersti Stenseng reagerer kraftig på at Alliansen får delta på Arendalsuka.

Foto: Tore Kristiansen / VG

Arbeidarpartiets partisekretær Kjersti Stenseng reagerer kraftig på at rådet for Arendalsuka har bestemt seg for å tillate Alliansen og Hans Lysglimt Johansen får delta med markering og stand under det politiske arrangementet i august.

– Eg har full respekt for at alle skal kunne bruke demokratiet til å ytre seg, men Arendalsuka har også eit ansvar for å seie klart ifrå om kva slags debattarena dei ønsker å vere, seier Stenseng til NRK.

Ho meiner Alliansen står for hat mot enkeltgrupper og nektar for at holocaust har funne stad. Ho meiner difor det er problematisk at dei får delta på eit arrangement som skal fremje demokrati.

– Alliansen står for ytringar og haldningar som fremjar hat mot enkeltgrupper og avgrensar med det fridomen til andre, seier ho.

Det var Dagbladet. som først skreiv om denne saka.

Vurderer boikott

Sekretariatet i Arendalsuka hadde innstilt på ei delt løysing der Alliansen skulle få ha ei markering i Arendal, men ikkje stand på området. Men i rådet gjekk eit fleirtal inn for at Alliansen skulle både få ha arrangement og stand.

Ap-ordførar Robert Cornels Nordli og Aps fylkesordførar i Aust-Agder Gro Bråten var dei som stemte nei til at Alliansen skulle få delta, skriv Filter Nyheter.

Stenseng ber Arendalsuka om å gjere om vedtaket. Dersom det ikkje skjer, kan partiet kome til å halde seg borte frå arrangementet i år.

– Vi må vurdere i kor stor grad Arbeidarpartiet skal delta under Arendalsuka, eller om vi skal delta i det heile. Det blir også aktuelt med andre reaksjonar.

Organisasjon trekker seg

Medan Arbeidarpartiet vurderer korleis dei skal reagere på løyvet til at Alliansen får delta, har organisasjonen Refugees Welcome Norway allereie bestemt seg for å ikkje delta på årets arrangement.

Svein Mork Dahl

TREKKER SEG: Nestleiar Svein Mork Dahl i organisasjonen Refugees Welcome Norway seier fleire av dei frivillige som skulle ha stått på deira stand under Arendalsuka har sagt at dei ikkje ønsker å delta fordi dei ikkje kjenner seg trygge. Organisasjonen trekker seg difor frå arrangementet.

Foto: NRK

– Frivillige som skal så på vår stand har gjeve tilbakemelding om at dei ikkje ønsker å vere til stades fordi dei ikkje kjenner seg trygge, seier nestleiar Svein Mork Dahl i Refugees Welcome Norway til NRK.

Innstillinga frå sekretariatet i Arendalsuka hadde vore ei fin løysing, meiner Dahl. Men vedtaket i rådet gjer det vanskeleg for organisasjonen å delta.

– Når Alliansen får lov til å stå på stand, blir dei invitert inn i varmen. Det er ein scene vi ikkje ønsker å dele med dei.

– Vi er fredslege

Alliansen avviser i ei Messenger-melding til NRK at dei er ein fare for demokratiet, og at dei hindrar grupper å uttale seg. Dei skriv at dette handlar om at dei peikar på sanningar som «det liberale progressive etablissementet» ikkje ønsker å få fram i lyset.

Dei meiner også at Arbeidarpartiet overreagerer.

– Det er feil veg å gå av Ap. Vi må jobbe for å gi kvarandre ytringsrom, ikkje å ta frå kvarandre ytringsrom. Meir openheit, meir demokrati må ikkje berre vere ord, det må følgjast opp med faktisk toleranse for dei som tenker annleis, varslarar og dissidentar, skriv dei meldinga.

LO vil ha omkamp

Blant dei som stemte for å la Alliansen få delta på Arendalsuka var LOs. distriktssekretær Agnes Norgaard. Men ho har no ombestemt seg, og ber om eit nytt rådsmøte, der avgjerda kan bli omgjort.

Tysdag la ho ut ein post på Facebook der ho seier ho på neste rådsmøte vil foreslå at antidemokratiske, valdsfremjande eller klart rasistiske organisasjonar ikkje får delta på Arendalsuka.

– Vi skal ha høg takhøgd, men ein stad går grensa. Det er på tide å trekke ei linje i sanden mellom det demokratiske dansegolvet Arendalsuka skal vere, og dei mest ytterleggåande kreftene som vil demokratiet til livs.

Det har vært varierende tilnærminger fra Arendalsukas side rundt aktører som SIAN, FMI og Alliansen de senere år. Det...

Publisert av Agnes Norgaard Onsdag 29. mai 2019

Nytt rådsmøte

Ordførar i Kristiansand, Harald Furre (H) og Øystein Djupedal er begge medlemmar i rådet, men var ikkje til stades på møtet der Alliansen fekk løyve til å delta på Arendalsuka. Men begge seier til Filter Nyheter at dei hadde vore samde med fleirtalet.

– Dette er ei vanskeleg sak, men eg vel å setje ytringsfridomen veldig, veldig høgt. Difor meiner eg det er rett å tillate at dei kjem. Eg trur det tener demokratiet og saka at debatten blir teken i det opne rommet og ikkje blir gøymd bort, seier Furre.

Men i ettermiddag skriv leiaren for Arendalsukas råd og ordførar i Arendal Robert Cornels Nordli i ein SMS til NRK at det blir halde nytt rådsmøte så snart som råd etter at Arbeidarpartiet og andre har truga med å trekke seg frå Arendalsuka.

SISTE NYTT

Siste meldinger