Laurdag førre veke konkluderte Klassekampen med at det bles ein «blå, blå vind over Noreg». Få dagar etterpå slo TV2 fast at Arbeidarpartiet og Jonas Gahr Støre er dei store taparane i sommar. Begge sakene var basert på august-målingar som viste tilbakegang for Ap og framgang for Høgre.
NRK sitt kommunebarometer for august gir eit heilt anna bilete og indikerer at det er for tidleg å avskriva Ap i forkant av kommunevalet den 14. september.
I motsetnad til dei andre meiningsmålingane viser NRK-målinga ein oppsving for Ap, medan Høgre er på retur. Ap går opp 1,7 prosentpoeng frå målinga i juni, medan Høgre krympar med 2,6 prosentpoeng.
Støre: – Oppmuntrande
– Det er oppmuntrande. Meiningsmålingane varierer, men det er hyggeleg når Ap går fram, seier partileiar Jonas Gahr Støre til NRK.
– No er me i gang med valkampen og eg er oppteken av å få fram Ap sin politikk. Det handlar om å møta tøffare økonomiske tider, tiltak mot arbeidsløysa og sørgja for at det kommuneval handlar om – nemleg god skule, tryggleik for eldre og møta klimautfordringane, legg Støre til.
Politisk kommentator i NRK, Magnus Takvam forklarar variasjonane mellom de ullike målingane med høge feilmarginar.
– Målingane som er gjort etter ferien viser at me i media må disiplinera oss og ikkje overtolka enkeltmålingar og kåra vinnarar og taparar.
Ifølgje Takvam er det ikkje berre prosent oppslutnad som blir ein spenningsfaktor i tida fram mot valet.
– Det mest spanande framover er kva endringar som kjem framover – framgang eller tilbakegang. Då må me har fleire målingar før me kan seia noko sikkert, seier Takvam.
Politisk kommentator i NRK Magnus Takvam forklarar kvifor meiningsmålingane før kommunevalet sprikar.
Fløypartia i skuggen
Nikolai Astrup er parlamentarisk nestleiar i Høgre si Stortingsgruppe og leiar i Oslo Høgre. Han tek nedgangen på NRK si måling med fatning.
Foto: Christensen, Marte / NTB scanpixParlamentarisk nestleiar i Høgre si Stortingsgruppe, Nikolai Astrup, veit ikkje kva som kan vera årsaka til at pila peikar nedover for partiet hans i NRK-målinga.
– Målingar går opp og ned. Me har hatt nokre gode målingar i det siste, så har me denne som går tilbake. Den einaste målinga som verkeleg betyr noko er den på valdagen, der veljarane får seia sitt, seier Astrup, som likevel synest partiet viser lovande takter.
– Hovudtrenden er at me ser ut til å ha fått ein god start på valkampen.
Målinga, som er gjort av Norstat for NRK, viser samstundes at fløypartia SV og Frp slit med låg oppslutnad og kjem i skuggen av dei store partia Ap og Høgre.
Frp går noko opp, men landar på 9,8 prosent – like under partiet si interne smertegrense på 10 prosentpoeng. SV aukar også litt, men endar under sperregrensa med 3,4 prosent oppslutnad.
- LES OGSÅ: Føling på fløyene
Politisk kommentator i NRK Magnus Takvam om resultata for fløypartia NRK sitt kommunebarometer.
Norstat har også spurt respondentane kva parti dei ville ha røysta på dersom det var stortingsval i dag: