Hopp til innhold

– Det var som om roa senka seg

Tobarnsmora Giedre Cepukeniene blei permittert for fjerde gong. Men politikarane blei samde om lønsstøtte og no går ho ei langt lysare jul i møte.

Gloppen hotell

FÅR HALDE FRAM: Giedrė Čepukėnienė er resepsjonssjef på Gloppen Hotell. No blir jula lettare enn det ho hadde frykta.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Det var som om roa senka seg, seier Cepukeniene til NRK.

Tobarnsmora frå Gloppen i Sogn og Fjordane er uvanleg nøgd med at fleirtalet på Stortinget no har auka ramma for økonomisk støtte til næringslivet, den såkalla lønsstøtta.

Som resepsjonssjef på ærverdige Gloppen Hotell på Sandane har ho stått fremst i møtet med norske turistar, men også med konsekvensane av pandemien dei siste to åra.

– Langt betre jul

Fire gonger har ho blitt permittert, men den siste gongen bestemte sjefen hennar seg for å ta alle på hotellet tilbake i jobb.

– No har eg garanti for at eg får løna eg har fått, så det blir ei langt betre jul enn eg frykta, seier ho.

Måndag blei regjeringspartia og SV samde om eit forslag til lønsstøtte med tilbakeverkande kraft frå 1. desember:

  • Maksbeløpet blir auka til 40.000 kroner i månaden per tilsett, avgrensa til maks 80 prosent av den tilsette si bruttoløn.
  • Minimumsbeløpet per tilsett ved omsetningsfall på 20 prosent frå 3000 kroner til 4000 kroner.
  • Lønsstøtte er avhengig av at bedrifta vel å ikkje permittere tilsette.

Preben Moen

LETTA: Preben Moen er glad han kunne trekke tilbake permitteringsvarsla for sine 26 tilsette.

Foto: ODDMUND HAUGEN / NRK

Skal vaske hotellet

For hotelldirektør Preben Moen på Gloppen Hotell betyr det at han kunne trekke tilbake 26 permitteringsvarsel.

– Det er veldig gledeleg at dei klarte dette før juleferien så vi får høve til å handle og gje informasjon til dei tilsette.

No vil han bruke dei tilsette til å vaske, rydde, male og gjere hotellet skinande til dei kan opne opp att.

– Då må vi bruke dei kreftene vi har, seier Moen.

Reaksjonane på fleirtalsavtalen om lønsstøtte har vore varierande.

Men arbeidstakarorganisasjonen YS meiner at det var heilt rett at regjeringa og SV no tok naudsynte grep.

– Eg oppmodar bedriftene til å trekke tilbake permitteringsvarsla slik at dei tilsette kan gå jula i møte utan å vere utrygge, seier YS-leiar Erik Kollerud.

Trong økonomi

For tobarnsmora Giedre Cepukeniene ser i alle fall jula ut til å bli langt lettare enn det ho frykta.

– Eg er avhengig av denne inntekta for å kunne forsørgje familien min. Det var trongt nok frå før, så det å få permitteringsvarsel var inga god kjensle, seier ho.

Sjefen hennar, Preben Moen, er også glad på Giedre og dei andre tilsette sine vegner.

– No kan dei sleppe å tenke på dei skal kjøpe julegåver eller spinke og spare for å klare seg. Eg trur alle forstår kor mykje det betyr, seier Moen.

AKTUELT NÅ