Hopp til innhold

Mille­haugen om rømminga: – Eg tenkte på å ta livet mitt

Litt over eit år etter Millehaugen rømde frå Trondheim fengsel, ber han om å bli sett fri. Han er dømd for drap to gonger og seier han var nære på å ta livet sitt då han rømde. Aktor meiner det er for tidleg med frisetjing.

Millehaugen på vei inn i retten

Stig Millehaugen (54) møter denne veka opp i Oslo tingrett for å be om å bli prøvelauslaten.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

Drapsdømde Stig Millehaugen møtte i dag opp i Oslo tingrett for å gi si forklaring. Denne veka skal spørsmålet om han kan få sleppe laus frå fengsel bli behandla i retten.

Tysdag gav Millehaugen si forklaring frå vitneboksen. Han fortel om tida etter forvaringsdommen i Trondheim fengsel og då han rømde sommaren 2022.

Stig Millehaugen i retten

Millehaugen er dømd til lovas strengaste straff, 21 års forvaring. No ber han om å sleppe laus.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

– I 2022 tenkte eg at dette ikkje var eit liv verd å leve og byrja å tenke på å ta livet av meg. Eg møter ikkje opp etter permisjonen. Det er lett å kritisere meg for det, men det er ikkje ein «quick fix» på sånne ting:

– Eg såg ingen raske løysingar våren 2022. Det var depresjonen, dei fysiske smertene, mangel på søvn og galskapen. Om eg hadde blitt igjen i Trondheim fengsel hadde eg sannsynlegvis ikkje levd i dag.

1. juni 2022 kom ikkje Millehaugen tilbake til Trondheim fengsel etter permisjon. Då slo politiet riksalarm og han blei etterlyst internasjonalt. Etter ei veke blei han teken av politiet i Østmarka. Millehaugen sonar i dag på Ila fengsel.

Stig Millehaugen - overvåkingsbilde. Han har på sort tursekk og sort caps. Går utendørs.

Overvakingsbilete av Stig Millehaugen då han ikkje møtte opp i Trondheim fengsel etter permisjon.

Foto: Politiet

Millehaugen seier han ikkje har kontakt med det kriminelle miljøet lenger. Aktor Kristian Jarland trekker fram at Millehaugen hadde meg seg ei liste med namn og personnummer til Young Guns-medlemmar då han rømde frå fengsel.

– Eg har ikkje kontakt med dei, og kjenner ingen av dei. Eg skulle bruke personnummer til å opprette kontantkort for å lese og høyre musikk, seier Millehaugen.

Han hadde også med seg ei liste med telefonnummer til mellom anna fleire straffedømde.

– Eg tok aldri kontakt med dei, men eg tenkte på å gjere det.

Forvaringsdommen endra han

Millehaugen fortel at det var forvaringsdommen frå 2012 som gav han høve til å endre seg.

– Eg har tidlegare vore gjennomført kriminell, og det er det som har endra seg hjå meg. Forvaringa endra på det. Det var ingen spurde meg om korleis eg hadde det tidlegare, men i forvaringssystemet var der folk som brydde seg:

– Frå 2014 og framover tok eg innover meg driten eg har gjort.

Aktor Kristian Jarland spør om ein kan vere trygg på at det sit ein annan Millehaugen i retten i dag.

– Eg er skanna denne gongen, innvendig, alt av inventar, svarar Millehaugen.

Er det noko igjen?

– Av kriminell karakter? Ingenting.

Korleis kan ein vite det, spør Jarland.

– Det kan du aldri vite. Det er ein risko ved alt. Eg forstår tvilen, seier Millehaugen.

Det er sett av ei veke til saka. Tysdag er andre dag i retten.

– Eg trur ikkje det finst nokon andre forvaringsdømde som har arbeida så hardt for å endre seg, seier forsvarar Morten Furuholmen.

Furuholmen under dag to.

Millehaugen sin forsvarar Morten Furuholmen (t.h) og sakkunnig Atle Austad.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

Furuholmen seier at Millehaugen har utvikla seg dei siste åra og har arbeida nært med dei tilsette i kriminalomsorga. Han har mellom anna hatt det som blir kalla reflekterande samtalar i sju år, og hatt åtte samtalar med psykolog.

Fører alle bak lyset

Statsadvokaten vil ikkje sleppe Millehaugen ut av fengsel. Han peikar på at vilkåra for prøvelauslating er endringar i åtferda til den domfelte.

Aktor Kristian Jarland.

Aktor Kristian Jarland fører saka for påtalemakta.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

– Sidan 2012 har det vore ei positiv utvikling. Etter ti år så tilstår han det overlagde drapet på Javed, men den positive utviklinga får ein knekk sommaren 2022:

– Då får Millehaugen innvilga permisjon, men møter ikkje opp etter permisjonen. Det er klart at dette brotet inngår i det store bilete, seier statsadvokat Jarland.

Påtalemakta meiner at i denne saka er det særleg viktig at ein får ein progresjon i soningsforholda.

– Millehaugen er domfelt ein rekke gongar for grov vald og det er heller ingen avgrensa periode. Han har gjort to drap med 17 års mellomrom. Gjentatte gongar har han brote permisjonsvilkåra.

Jarland peikar på at over lengre periodar viser Millehaugen ei positiv utvikling, men at dette ikkje betyr at han ikkje kan gjere nye kriminelle handlingar.

Millehaugen og Furuholmen.

Stig Millehaugen saman med forsvarar Morten Furuholmen.

Foto: Hedda Regine Torillsdotter Kurseth / NRK

– Slik som eg vurderer er det ikkje ei sky på himmelen, trass det så fører han alle bak lyset. Merk de at det er ingen relasjon mellom offera og Millehaugen. Det er berre tilfeldige offer.

Dømd for dobbeltdrap

Millehaugen er dømd til lovas strengaste straff, 21 års forvaring, og har blitt kalla Noregs farlegaste mann.

Millehaugen har store delar av livet vore i fengsel etter å ha blitt dømd for biltjuveri, innbrot, væpna ran og drap.

Stig Millehaugen begår ran av bank i Oslo i 1991. Bilde fra overvåkingsvideo. Han står i sort og hvit kamuflasje-mønstret jakke og har en sort lue på hodet. Han holder en revolver i den ene hånden og får en pose med penger til den andre. Tørkleet foran ansiktet hans har falt ned og ansiktet synes.

Stig Millehaugen ranar ein bank i Oslo i 1991.

Foto: POLITIET

Han blei dømd til 21 år forvaring etter drapet på Young Guns-leiaren Mohammad Javed i 2011. Javed blei funnen drepen i ein utbrend bil i 2009. Då blei minstetida sett til ti år for Millehaugen.

Tidlegare har han og vore dømd for drap på ein fengselsbetent etter eit forsøk på å rømme frå fengsel.

AKTUELT NÅ