Hopp til innhold

Abid Raja vil endre lova for å halde Stålsett ute av fengsel

Venstre vil endre lova slik at tidlegare biskop Gunnar Stålsett slepp å sone i fengsel for brot på utlendingslova. – Vi i Venstre stiller oss skulder ved skulder med Stålsett, seier Raja.

Abid Q. Raja

SKULDER VED SKULDER: Abid Raja meiner at ein ikkje kan dømmast til fengselsstraff for å gi arbeid til menneske i nød og i humanistisk øyemed.

Foto: Terje Bendiksby / Terje Bendiksby

– Vi har i mange, mange år meint at alle som oppheld seg i Noreg, skal kunne ta arbeid, seier Abid Raja, parlamentarisk nestleiar i Venstre til NRK.

Torsdag vart det kjent at påtalemakta vil be om ubetinga fengsel for den tidlegare biskopen.

Thorvald Stoltenberg bisettes fra Oslo domkirke.

– ANGRAR IKKJE: Stålsett seier til NRK at han ikkje angrar på det han gjorde, og at han følgde sitt eige samvit.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

84 år gamle Stålsett har innrømt at han tilsette ein ureturnerbar asylsøkar som vaskehjelp. Vaskehjelpen jobba deltid for biskopen i 14 år.

Eit slikt brot på utlendingslova kan straffast med bøter og fengsel i opptil to år. Påtalemakta har bedt om 45 dagars ubetinga fengselsstraff for 84-åringen.

– Lova gjeld for alle

Biskopen har tidlegare sagt til NRK at han ikkje angrar på det han har gjort, og at han lét seg styre av dei grunnleggande verdiane sine og samvitet sitt.

Raja seier til NRK at lova må endrast, slik at ingen kan straffast for å gi arbeid til menneske i naud og i humanistisk øyemed. Lovendringa Raja vil foreslå, føreset at arbeidarar ikkje har vorte utnytta i arbeidet.

Politiadvokat Andreas Meeg-Bentzen i Oslo politidistrikt.

Politiadvokat Andreas Meeg-Bentzen seier dei ber om 45 dagars ubetinga fengsel i denne saka.

Foto: Gry Veiby / NRK

– Sjølvsagt skal lova gjelde for alle, også for Stålsett. Derfor er han budd på å ta straffa si om det kjem til det. Men vi i Venstre er ikkje viljuge til å sitje stille og sjå på at Stålsett blir sende i fengsel. Derfor tar vi til orde for å endre lova slik at Stålsett ikkje kan dømmast til fengsel, seier Raja.

Justisminister Jøran Kallmyr (Frp) uttalte torsdag til VG at den tidlegare biskopen må straffeforfølgjast på lik line med andre for lovbrotet.

Jon Helgheim, innvandringspolitisk talsperson i Frp, meiner handlingane til Stålsett i denne saka undergrev systemet.

Raja, som er tidlegare forsvarsadvokat, seier at politikarar normalt sett ikkje bør blande seg inn i pågåande straffesaker, men i dette tilfellet vil han gjere eit unntak.

– Eg trur det vil undergrave tilliten og verdigheita til politikarane om vi no ikkje agerer og ikkje bidrar til å endre lova, seier han.

– Sivil ulydnad

Stålsetts tilsette er ei 55 år gammal kvinne som har vore i Noreg i 19 år, og som hadde fast jobb fram til ho mista skattekortet sitt etter ei regelendring i 2011.

– Dette er ei form for sivil ulydnad som eg tar ansvar for. Den rettar seg mot det eg oppfattar som ei umoralsk ordning, sa Stålsett til avisa Vårt Land i august.

Han forklarte òg at han betalte arbeidsgivaravgift og trekte skatt. Stålsett var biskop i Oslo frå 1998 fram til han pensjonerte seg i 2005. Han engasjerte seg mellom anna sterkt for rettar for homofile.

Gunnar Stålsett står for valget han tok. Han sier han lot seg styre av sine grunnleggende verdier og sin samvittighet.

Gunnar Stålsett står for valet han tok. Han seier han lét seg styre av dei grunnleggande verdiane sine og samvitet sitt.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger