Blodprøva av kapteinen viste at han hadde null i promille, og politiet har lagt bort saka fordi det ikkje er snakk om eit straffbart forhold, melder TV 2.
Bilferja "Os", der 49-åringen var kaptein.
Kapteinen sin advokat, John Raknes, seier at klienten hans er svært letta, men han utelukkar ikkje at det kan bli aktuelt å krevje erstatning og oppreising.
Kapteinen miste jobben i HSD, og lensmannen i Austevoll gjekk tidlig ut og sa at kapteinen hadde vore full på jobb. Dette var i oktober 2002.
Informasjonssjef Arild Sondre Sekse i HSD, Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap, seier at det ikkje er aktuelt å tilby kapteinen nytt arbeid i selskapet.
- Personalsaka er avslutta, og vi held oss til at kapteinen sjølv sa opp stillinga si, sa Sekse til Aftenposten i fjor.
John Raknes seier at dei no ventar at HSD tek dei nye opplysningane inover seg, og innser at dei her har gitt ein mann avskil fullstendig utan grunn.