Hopp til innhold

– Sønsteby var ikkje klar over kor viktig han var

Tidlegare statsminister Kåre Willoch kallar Gunnar Sønsteby for ein av dei modigaste, dyktigaste og viktigaste motstandskjemparane – som ikkje var klar over kor mykje han har betydd.

Video Kåre Willoch om Gunnar Sønsteby

IMPONERT: Kåre Willoch er imponert over alt Gunnar Sønsteby har oppnådd – og trur ikkje Sønsteby sjølv var klar over kor viktig han var.

Kåre Willoch stiller seg i ei lang rekke av folk som meiner innsatsen til den avdøde motstandskjemparen Gunnar Sønsteby under andre verdskrig betydde mykje i kampen mot okkupantane og nazistane.

– Han var jo leiar av sabotasjeaksjonar, og innsatsen hans er rett og slett merkverdig imponerande, seier Willoch.

LES: – Dei som har høyrt Sønsteby, gløymer det aldri

Men i tillegg til den aktive motstandskampen under andre verdskrig har Gunnar Sønsteby sin innsats etter krigen gjort sterkt inntrykk hjå den tidlegare statsministeren.

– Ein sjenert helt

– Etter krigen har han vore ein viktig bidragsytar for samfunnet si forståing av kva ein må gjere for fred og rettferd, men det som slår meg er kor merkverdig beskjeden han var, seier Willoch.

– Det verka ikkje som han sjølv var klar over at han var ein av landets største og mest berømma heltar, og om eg må få bruke eit så enkelt uttrykk: han var tvers gjennom sympatisk, seier han om den beskjedne motstandsmannen.

Imponert over evna til å formidle

Willoch er òg imponert over den kunnskapsrike krigsveteranen og evna hans til å formidle si historie til seinare generasjonar.

– Alt han har gjort både under og etter andre verdskrig er kolossalt viktig for at den oppveksande slekt har fått eit førstehands inntrykk av kva motstandskampen har betydd, og han har vore med på å skape haldningar som er naudsynte for at samfunnet skal bestå vidare i fridom og framgang, held han fram.

AKTUELT NÅ