Hopp til innhold

– Må øve på skyte- og gisselepisodar i barnehagen

Barnehagar og skular skal sjølv vurdere risikoen for alvorlege skyte- og gisselepisodar, og born skal involverast i beredskapsrutinane. Det kjem fram i eit rundskriv som er sendt ut til alle kommunar og fylkeskommunar.

Elin Leer-Salvesen, som styrer Haslerud Natur Familiebarnehage ilag med Are Dammann.

Elin Leer-Salvesen og Are Dammann styrer Haslerud Natur Familiebarnehage. Dei er svært kritiske til formuleringa i brevet.

Foto: NRK

Skrivet vart sendt ut 1. juni frå Kunnskapsdepartemenet og Utanndingsdirektoratet i lag med Helse- og omsorgsdepartementet. Der skriv dei blant anna:

– Dei siste tiåra har det vore fleire alvorlege skyteepisodar ved utdanningsinstitusjonar i land som Noreg kan samanlikne seg med. Skyteepisodar og gisselsituasjonar er døme på faresituasjonar som verksemdene må ta høgde for i sitt beredskapsarbeid.

Ifølgje dokumentet skal rutinane og tryggleiksutstyret vere kjent for alle, også born og elevar.

Det har ført til sterke reaksjonar, og 20 ulike skular og barnehagar har signert eit brev der dei viser si misnøye mot presiseringa.

Gjertrud Klevås Rye

Gjertrud Klevås Rye har sonen og dottera sin i Haslerud Natur Familiebarnehage.

Foto: NRK

– Trur ikkje borna mine hadde fått sove

I Haslerud Natur Familiebarnehage på Nesodden utanfor Oslo arbeider dei to som har skrive brevet på vegner av 20 andre skular og barnehagar.

Gjertrud Klevås Rye har sonen og dottera sin i barnehagen.

– Eg forstår at dette er eit tema, og det er bra å ha ein viss beredskap. Men det eg reagerer sterkast på er at borna må involverast i planane. Det er ikkje hensiktsmessig for nokon, seier Rye.

Haslerud Natur Familiebarnehage

Are Dammann og Elin Leer-Salvesen meiner at beredskapsrutinane vil spreie unødig frykt.

Foto: NRK

– Dokumentet oser av frykt

– Vi reagerte på at beredskapen skal involvere kvar og ein. Skal borna gå rundt og vere redde? Spør Elin Leer-Salvesen, som styrer Haslerud Natur Familiebarnehage i lag med Are Dammann.

– Dette dokumentet oser av frykt. Eg trur at born langt opp i skulealder kan ta skade av at vi set oss ned og fortel at nokon kan kome inn med pistol og skyte, seier Dammann.

Dei meiner risikoen for at ekstremt farlege hendingar kan skje er så liten at det ikkje er verdt å skremme opp borna og førebu dei på ein slik situasjon, og at å samanlike Noreg med land som USA og Finland gir eit feil grunnlag.

Dag Thomas Gisholt er ekspedisjonssjef i barnehageavdelinga i Kunnskapsdepartementet

Dag Thomas Gisholt er ekspedisjonssjef i barnehageavdelinga i Kunnskapsdepartementet. Han trur at barnehagane og skulane som har sendt brevet har misforstått.

Foto: NRK

– Ei mistolking

Dag Thomas Gisholt er ekspedisjonssjef i barnehageavdelinga i Kunnskapsdepartementet. Han trur at barnehagane og skulane som reagerer har misforstått.

– Vi meiner ikkje at borna skal involverast i kampen mot uønskte hendingar. Det er dei vaksne som skal kjenne rutinane. Men det er og viktig at barna veit korleis ein skal evakuere dersom noko uønskt skal skje, slik ein gjer i til dømes ei brannøving.

Er styrarane i barnehagane kompetente til å ta trusselvurderingar?

– Det er dei som kjenner borna, foreldre og lokalmiljøet. Dersom det er nokon som ikkje kjenner seg kompetente, skal kommune og politi inkluderast, seier Gisholt.

Ida Brandtzæg

Barnepsykolog Ida Brandtzæg meiner borna vil vere vanskeleg å instruere i farlege situasjonar.

Foto: Privat

– Vanskeleg å instruere born

Barnepsykolog Ida Brandtzæg meiner det er viktig å ha ein beredskap. Spørsmålet er korleis ein kan involvere små born i dette.

– Aldersaspektet er ikkje tatt inn, små barn vil søke dei vaksne i faresituasjonar. Det er vanskeleg å instruere born i slike situasjonar.

Ho trur det viktige er at dei vaksne får perspektiv på kva dei gjer når borna treng vern.

AKTUELT NÅ