Hopp til innhold

– Forstår ikkje heilt korleis dette kunne skje

Forsvarsekspert og tidlegare flaggkommandør Jacob Børresen har vanskar med å forstå korleis kollisjonen mellom KNM «Helge Ingstad» og tankskipet «Sola» kunne skje. – Her må det vere fleire ting som har gått gale samtidig, seier han.

 Kystverkets overvåkningsfly har filmet fregatten KNM Helge Ingstad liggende på grunn ved Ådneset i Øygarden.

VIDEO: «Helge Ingstad» sett frå lufta.

Jacob Børresen har ein lang karriere bak seg i Sjøforsvaret, og han har blant anna vore skipssjef om bord på KNM «Oslo». Han stiller seg uforståande til det som har skjedd i den godt overvaka hovudskipsleia inn til Bergen.

Børresen meiner det ser ut som ei møteulukke, at tankskipet var på veg nordover og fregatten på veg sørover.

– At dette kunne skje i dette området er uforståeleg. Her er trafikksentralen på Fedje med full radarovervaking, og som får inn transpondersignal frå alle fartøy i området. Fregatten

Jacob Børresen.

Forsvarsekspert Jacob Børresen forstår ikkje kva som kan vere årsaka til kollisjonen mellom ein fregatt og eit tankskip natt til torsdag.

Foto: NRK

sjølv har topp moderne radarutstyr og i tillegg infraraude optiske system som gjer at dei ser i nattemørket. Slepebåten har moderne radarar og los om bord . Korleis er det mogleg at dei ikkje har sett kvarandre?, spør den pensjonerte flaggkommandøren.

AIS-system kan ha vore av

Sjølv om «Helge Ingstad» har sigla med AIS-systemet av, så burde fregatten ha oppdaga dei andre fartøya, meiner han. AIS står for Automatisk identifiseringssystem, der fartøy utvekslar blant anna identitet, posisjon, fart og kurs.

Ifølgje Sjøforsvaret er normalt bemanning på brua på ei slik segling fem personar. Det er snakk om ein vaktsjef, ein assistent, ein rormann og to utkikkar.

– Det er tydeleg at samanstøyten kom som lyn frå klar himmel for fregatten. For dette fartøyet kan manøvrere veldig kjapt, og hadde dei oppdaga at dei var på kollisjonskurs så kunne dei enkelt ha svinga unna, seier Børresen.

Han har ikkje lyst til å spekulere på kva som kan ha skjedd , men slår fast at det kan vere fleire ting som kvar for seg eller til saman kan føre til ei slik ulukke. KNM «Helge Ingstad» kan ha gått i stealth-modus, slik at fregatten er vanskeleg å sjå på radar.

Fregatt

«Helge Ingstad» fekk store skadar i sida etter kollisjonen med tankskipet «Sola».

Foto: Marit Hommedal
Øygarden, fregatt med slagside.

Slik låg KNM «Helge Ingstad» ved land i ettermiddag.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

Slik skjedde fregattulykken – minutt for minutt

– Kan ikkje ha sett kvarandre

– Det som har skjedd tyder på at tankbåten ikkje har sett fregatten, og fregatten kan heller ikkje ha sett tankbåten. Ting kan skje der det er eit grensesnitt mellom moderne teknologi og menneske, seier han.

KNM «Helge Ingstad» var på veg tilbake til heimebasen Haakonsvern i Bergen etter å ha delteke på den store Nato-øvinga Trident Juncture. Militære fartøy har ikkje plikt til å ha AES-systemet på, men normalt ville dei ha gått med lys, navigasjonsradarar og med alle lanterner på.

«Helge Ingstad» er ein av fem norske fregattar, som er det Jacob Børresen karakteriserer som Noreg sitt viktigaste bidrag til Nato. Fregattane er også ein del av Natos ståande marinestyrke.

Fregattane si hovudoppgåve er å halde forsyningsrutene Nato har til Noreg fri for fiendtlege ubåtar, slik at Nato skal få inn forsyningar og materiell i tilfelle krig. Om bord er det søkkeminer og torpedoar, men også diverse missil og rakettar. Dei har blant anna utstyr som skal slå tilbake angrep frå fly.

Forsvaret satte fregatt på land med vilje

KNM Helge Ingstad

Fregatten vart køyrt rett på land etter kollisjonen.

Foto: Kystverket

– Våpena godt sikra

Børresen trur ikkje våpensystema om bord utgjer nokon fare. Dei er godt sikra, utan detonatorar om bord, og han meiner Sjøforsvaret har gode rutinar på korleis våpena skal hentast ut av den havarerte fregatten.

Han forklarar dei store skadane på skroget til «Helge Ingstad» med at fregatten, som alle moderne krigsskip, er bygde av lauvtynne stålplater. Dei er bygde for maksimal fart og manøvreringsevne, ikkje for å tole ein kollisjon.

Ein havarikommisjon skal no gå gjennom det som har skjedd for å prøve å finne årsaka til ulukka.

AKTUELT NÅ