Hopp til innhold

– Flyktningkrisa kan ha gitt dårleg valdeltaking

Årets valdeltaking var blant dei dårlegaste nokosinne med under 30 prosent oppmøte i nokre kretsar. Statsvitar Svein Tore Martinsen trur flyktningkrisa i Europa kan vere ei forklaring.

Austria Hungary Migrants

Bileta av flyktningane som er på veg oppover Europa, og krigen i Syria kan ha påverka valdeltakinga, meiner statsvitar Svein Tore Martinsen.

Foto: Ronald Zak / Ap

Valglogo

– Kanskje har nokre som har hatt ein restriktiv linje i spørsmålet om flyktningar blitt demobilisert og latt vere å stemme, seier statsvitar Svein Tore Martinsen til NRK.

Svein Tore Marthinsen

Statsvitar Svein Tore Marhinsen meiner flyktningskrisa i Europa kan få enkelte til å føle seg flaue for sitt syn på innvandring, og difor vel å ikkje stemme på valdagen.

Han søker etter forklaringar på kvifor valdeltakinga er så låg som 59,9 prosent på landsbasis.

– Det kan vere nokre har tenkt at det nesten er litt flaut å ha det synet som ein har når dei ser dei hjarteskjerande scenene som utspelar seg i Middelhavet, seier Martinsen.

Valdeltakinga har dei siste to vala vore på veg opp, og ved kommune- og fylkestingsvalet i 2011 var deltakinga oppe i 64,5 prosent. Men årets borgarengasjement er skuffande for dei som hadde håpa på at trenden skulle halde fram.

Tre samfunnsgrupper skil seg ut

Johannes Bergh ved Institutt for samfunnsforsking forskar på valdeltaking, og han viser til tre samfunnsgrupper som held seg borte frå vallokala.

Johannes Bergh

Johannes Berg ved Institutt for samfunnsforskning meiner det er tre gupper som peiker seg ut blant dei som ikkje vel å stemme.

Foto: Kyrre Lien / ISF

– Ungdom er overrepresentert i gruppa som ikkje stemmer. Veljarar med innvandrarbakgrunn deltek i liten grad, og folk som har høgare utdanning deltek i større grad enn folk med lågare utdanning, seier Bergh.

Han meiner at ungdom i dag ikkje har den same kjensla av borgarplikt som ein hadde før. Mange spekulerer i om vêret kan ha noko å seie for valdeltakinga, men det trur ikkje forskaren noko på.

– Me er vane til dårleg vêr, og det verkar som at me møter opp uansett, seier Bergh.

Enkelte stader var det problem for mange veljarar å få stemme på grunn av lange køar og dårleg logistikk. Bergh meiner likevel at logistikk for det meste er god, og at det ikkje er ein grunn til dårleg valdeltaking.

Bernt Aardal, professor i statsvitenskap, mener prognosene på valgdeltagelsen hverken er overaskende høy eller lav.

Under NRKs valsending i går kommenterte statsvitar Bernt Aardal den historiske utviklinga av valdeltaking. Talet frå årets val som viser i grafikken var ein førebels prognose, og har no gått opp frå 59,4 prosent til 59,9 prosent på landsbasis.

Enorme skilnader i Oslo

Og om ein tek ein rask kikk på valdeltakinga i Oslo, der dei demografiske skilnadane mellom bydelane er tydelegast, så er det mykje som underbygger Berghs utsegn om at personar med innvandrarbakgrunn, lågare utdanning og unge stemmer mindre.

Kretsane med dårlegast valdeltaking er anten i sentrum, kor det ofte bur mange unge, eller bydelar kor inntekta er lågare og kor det bur mange med innvandrarbakgrunn.

Dårlegast står det til på Furuset i Oslo der berre 22,9 prosent møtte opp på Gran skole for å stemme, og 29,8 prosent møtte opp på Furuset skole. Desse tala inkluderer ikkje førehandsstemmene.

Også Fyrstikkalléen skole på Helsfyr (27,5 prosent), Veitvet skole (27,3 prosent) og Mortensrud skole (27,2 prosent) var vallokale aust i Oslo som var dårleg besøkt.

I sentrum var det særskild dårleg oppmøte ved Anker Hotel (27,4 prosent) og Sagene Festivitethus (26,9 prosent).

I Sørkedalen, lengst vest i Oslo, var det derimot best deltaking med 60,9 prosent oppmøte, tett følgt av Disen (60,4 prosent) og Bygdøy (60,1 prosent). Også på austkanten hadde kretsen Nordstrand skole godt oppmøte (57,7 prosent). Førehandsstemmene er ikkje rekna med i nokre av desse tala.

Det er også eit tydeleg mønster at Høgre gjer det lang betre i områda med godt oppmøte, medan Arbeidarpartiet får mest støtte i valkretsane med minst oppmøte.

Valdeltaking

AKTUELT NÅ