Hopp til innhold

– Einslege mindreårige kan returnerast til Kabul

Einslege, mindreårige asylsøkjarar frå Afghanistan kan returnerast til Kabul, seier generalsekretær Sylo Taraku i organisasjonen Likestilling, integrering og mangfald, LIM.

Sylo Taraku
Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Taraku meiner det er trygt i Kabul, og han seier han har støtte for dette også frå FN-organisasjonen UNCHR og frå Utlendingsdirektoratet UDI. Han meiner at dei mindreårige som kjem frå andre stader i Afghanistan, bør sendast til Kabul, anten etter mellombels opphald i Norge til dei er 18 år eller dersom det blir oppretta norske omsorgssentra der, slik Arbeiderpartiet har gått inn for.

– Dei som kjem frå urolege område i Afghanistan, bør reintegrerast i Kabul. Der er det trygt, seier Sylo Taraku til NRK.

Han viser til statistikk frå UDI, som viser at 86,4 prosent av afghanske asylsøkjarar som har fått saka si behandla i Noreg hittil i år, har fått opphaldsløyve.

– Har opna dørene

Han meiner det er heva over tvil at mange har eit inntrykk av at Europa har opna dørene sine.

Han seier vidare at til liks med syrarar som reiser frå Libanon og Tyrkia, har mange av afghanarane opphalde seg i trygge næromåde før dei kjem til Noreg. Dei kjem frå land som Pakistan, Iran og Russland.

Generalsekretæren i LIM-nettverket meiner at norske politikarar synest å vere lite bevisste kva signal dei sender ut av landet. Eit landsmøtevedtak i eit støtteparti for regjeringa om at Noreg skal ta mot 10.000 flyktningar, er på nyheitene i Kabul same kveld, seier han.

Flyktninger på Storskog
Foto: Amund Trellevik / NRK

Justisdepartementets nye Facebook-side full av voldsoppfordringer

– En åpenbart presset situasjon

– Luksusinnkvartering

– Når norske styresmakter innlosjerer flyktningar og asylsøkjarar på hotell, blir det spreidd bilete av luksusinnkvartering via smarttelefonar. Det høge innvilgingsprosenten har skapt forventingar om at opphald er nesten garantert, skriv han i ein kronikk.

Sylo Taraku seier at dei individuelle asylhistoriene kan variere, men at det går igjen hos mange unge gutar frå Afghanistan at dei fryktar tvangsrekruttering til Taliban.

– Men det er ikkje slik Taliban opererer. Dei treng ikkje drive tvangsrekruttering, seier han.

Frode Forfang
Foto: Onsøien, Ole Gunnar / NTB scanpix

Taraku viser også til at då talet på einslege mindreårige frå Afghanistan auka kraftig frå 2008 og utover, så svarte Stoltenberg-regjeringa med tre mottiltak. Først planar om å etablere eit omsorgssenter i Kabul som skulle gjere det mogleg å returnere mindreårige. I tillegg alderstesting, pluss innføring av tidsavgrensa opphaldsløyve til mindreårige, slik at dei kunne returnerast etter fylte 18 år.

Ordfører vil ha UDI-kontor i Kirkenes

– Avskrekkande

Han meiner at desse tiltaka verka avskrekkande nok til at talet på asylsøkjarar frå Afghanistan gjekk kraftig ned.

Direktør Frode Forfang i Utlendingsdirektoratet seier til NRK at det ikkje er tvil om at det er afghanske foreldre som sender borna sine til Europa, slik at dei seinare skal kunne sende pengar til storfamilien heime. Men i slike tilfelle blir dei sende tilbake, dersom det er mogleg å identifisere foreldra.

AKTUELT NÅ