Hopp til innhold

– Eg beklagar dette veldig sterkt

Arne Johannessen kjem med skarp kritikk til Grete Faremo sin handtering av Øystein Mæland, og er svært kritisk til at politidirektøren kjende seg pressa til å gå.

Arne Johannessen

Arne Johannessen meiner reformarbidet i politiet vert vanskeleg utan Mæland.

Foto: Meek, Tore / NTB scanpix

– Enten bør ein seie at ein har tillitt eller ikkje. Ho har ikkje gjort det lett for Øystein Mæland ved å vere så uklar.

Det seier leiaren i Politiets Fellesforbund, Arne Johannessen, til NRK om Grete Faremo. Han beklagar sterkt at politidirektør Øystein Mæland gjekk av med umiddelbar verkning i kveld.

– Eg beklagar dette veldig sterkt. Eg opplevde at han var i gang med eit godt arbeid og hadde staka ut ein kurs. No får me ein svært vanskeleg situasjon, og eit vakuum i toppleiinga i den viktigaste perioden for norsk politi.

– Det er ein svært krevjande situasjon, seier Johannessen.

– Behov for å peike nedover

Johannesen meiner Faremo gjorde det svært vanskeleg for den øvste politileiaren å halde fram. Han reagerer sterkt på korleis ho har handtert situasjonen.

– Dette er dårleg handtert frå justisministeren. Her er det tydelegvis behov for å peike nedover i systemet.

– Kva legg du i det?

– Eg vil ikkje seie meir enn det.

Faremo erklærte seg inhabil berre ein halvtime før ho erklærte av Mæland går av. Johannessen meiner han ikkje har fått god nok støtte frå regjeringa.

– Han er jo svært tydeleg i pressemeldinga på at han ikkje har fått det. Og det skjønar eg svært godt at han opplever. Det er synd, for han hadde stor tillitt i politiet, og mange ser at han har starta eit reformarbeid med meir openheit og anledning til å stå fram og kritisere internt.

Meiner reformarbeidet vert vanskeleg

Han meiner det at reformarbeidet i politiet kjem til å bli svekka når toppsjefen forsvinn ut.

– det som no vert viktig er å raskt få ein avklaring på kven som kan drive desse reformane som 22. julikommisjonen har peika på.

– Har du gjort det nokre tankar om kven det kan bli?

– Nei, det trur eg ikkje me skal spekulere på i kveld.

AKTUELT NÅ