Hopp til innhold

– Dette biletet har forfylgt oss

22. juli 2011 var Øystein Mæland fersk politidirektør på ferie. Då han kom tilbake på jobb, rasa debatten om politiet gjorde ein god nok jobb under terroråtaka.

Video 1cae1a80-6869-4196-b8bb-96beafc47900.jpg

VIDEO: Gummibåten til Delta-styrken som blei sendt til Utøya for å arrestera massedrapsmannen var i ferd med å søkke. Dette opna for mykje kritikk av politiinnsatsen 22. juli.

Politiet måtte evaluere innsatsen under terroråtaka 22. juli utan sjefen på jobb, til kritikarane si fortviling. Den nytilsette politidirektøren Øystein Mæland måtte avbryte ferien, og reiste rett til politidirektoratet for å leie politiet i den vanskelege situasjonen.

Politiet på veg til Utøya i gummibåt

GUMMIBÅTEN: Dette biletet har blitt brukt for å rette sterk kritikk mot politiet etter 22.juli.

Foto: Steinar Frøyshov

– Det var ein forferdeleg kveld, seier han.

Blanda lukke og sorg

Då Mæland høyrde om terroråtaka kjente han på kontrasten mellom lukka over å skulle bli far, og sorga i møte med foreldra som hadde mista sine born.

– Det første eg tenkte var at dette er ikkje mogleg. Det er ikkje mogleg at dette kan skje, seier Mæland.

– Gleda over å få eigne born, er noko av det flottaste ein kan oppleve i livet. Å samtidig møte folk som har mista det aller kjæraste ein har. Det var ein kontrastfylt situasjon som genererte mange kjensler.

Politidirektør Øystein Mæland

Politidirektør Øystein Mæland opplevde eit kontrastfylt tilvære som nytilsett politidirektør og nybakt pappa under 22. juli.

Foto: NRK
Biletet som brente seg fast

Han drog tilbake frå ferie, og inn i ein gryande debatt om politiet hadde gjort jobben sin godt nok.

Biletet alle hugsar frå politiaksjonen, var den overfylte raude gummibåten.

– Eg syns det var heilt fortvilande å sjå det. Og eg veit at det var forferdeleg for dei som sat i båten. Det er jo eit bilete som har forfylgt oss, og som har blitt ståande som noko som hefta ved politiinnsatsen den dagen, seier Mæland.

Har sjølv gode minner frå Utøya

Øysten Mæland har sjølv vore på AUF-leir på Utøya fleire gonger i si ungdomstid.

– Utøya har forandra seg frå å vere knytt berre til gode minner, som no ligg mange år tilbake i tid, til å vere åstad for det verste lovbrotet i noregshistoria, og det er kjenslemessig hardt å ta inn, seier han.

Terroråtaka på ungdomsparadiset hans har ikkje berre prega Mæland som nytilsett politidirektør, men òg som nybakt pappa.

– Eg har hatt draumar om at eg har vore på Utøya med borna mine 22. juli, at eg sprong for å gøyme meg og at eg ikkje fekk borna til å slutte å gråte, seier han.

Blei pappa ved hjelp av surrogati

Mæland og ektemannen har oppnådd familielukka ved hjelp av surrogati i USA. Som biologisk far var det berre Mæland som fekk ta pappapermisjon. Då politiet skulle granske seg sjølv i oktober, måtte dei gjere det utan sjefen på jobb.

– Det var jo ikkje ideelt, samstundes så var det ikkje eit tidspunkt eg kunne velje. Det var då vi fekk born, og det at vi skulle ha born, var også kjent då eg blei tilsett, seier han.

Kritikarane meiner det er problematisk med ein politidirektør som omgår lova. Surrogati er ulovleg i Noreg.

– Sjølve debatten for og imot, den kan eg ikkje delta i offentleg. Eg skjønar det er kontroversielt, men det eg ber om er respekt for at vi som har gjort dette har vore gjennom dei etiske og moralske problemstillingane, seier han.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger