Hopp til innhold

– Det er provoserande og det forsurar samarbeidet med regjeringa

Kristeleg Folkeparti går på nytt hardt ut mot regjeringa. Denne gongen handlar det om søndagsopne butikkar. KrF ber no Venstre om hjelp for å få vraka heile forslaget.

Kjell Ingolf Ropstad, KrF

PROVOSERT: – Det forsurar samarbeidet mellom dei fire samarbeidspartia, seier arbeidspolitisk talsperson i Kristeleg Folkeparti, Kjell Ingolf Ropstad om forslaget om søndagsopne butikkar.

Regjeringa ønskjer full liberalisering av butikkane, noko som betyr at alle butikkar kan halde ope på søndagar om dei sjølv vil det.

– Forslaget er provoserande, seier arbeidspolitisk talsperson i Kristeleg Folkeparti, Kjell Ingolf Ropstad til NRK.

Ropstad vil gå så lang og sei at denne saka «forsurar samarbeidet mellom dei fire samarbeidspartia».

– Gjer ikkje samarbeidet betre

Samarbeidsklimaet mellom regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet, og støttepartia Venstre og KrF, har den siste tida blitt sett på prøve. Den såkalla «asylbarnsaka» skapte amper stemning, mellom anna under spørjetimen i Stortinget 14. januar.

No går KrF igjen hardt ut mot regjeringa. No står striden om søndagsopne butikkar.

– Denne saka gjer ikkje samarbeidet betre. Dette er ei ekstremt viktig sak for oss, og det veit regjeringspartia og Venstre. Difor appellerer vi så sterkt at dei må snu i denne saka, seier Ropstad.

Regjeringa treng Venstre for å få fleirtal for forslaget i Stortinget. No håpar KrF at Venstre vil snu på sitt landsmøte komande helg.

– Det kviler eit stort ansvar på Venstre som har landsmøte like etter påske. Regjeringa har ikkje fleirtal utan Venstre. Eg håpar verkeleg at Venstre vil diskutere denne saka grundig på sitt landsmøte, og at dei vel å snu, seier Ropstad.

Leiar for Kristeleg Folkeparti, Knut Arlid Hareide, meiner Høgre, Framstegspartiet og Venstre må lytte til KrF sjølv om regjeringspartia er sju gonger større enn dei.

Leiar for Kristeleg Folkeparti, Knut Arlid Hareide, meiner Høgre, Framstegspartiet og Venstre må lytte til KrF sjølv om regjeringspartia er sju gonger større enn dei.

Høgre: – Litt overraska

Men KrF veit godt at både Høgre, Frp og Venstre har gått til val på å tillate søndagsopne butikkar, så bøna om å la kviledagen bli verande heilag når ikkje fram, kan Venstre og Høgre slå fast.

Sveinung Rotevatn

Bøna frå KrF når ikkje fram hos Venstre, ifølgje stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn.

Foto: Schrøder, Tor Erik / SCANPIX

– Vårt standpunkt er velkjent. Vi meiner at kommunane skal få bestemme over opningstider sjølve. Det er ikkje eit spørsmål som Stortinget treng å overstyre, seier stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V).

– Det er fleirtal på stortinget for å opne for søndagsopne butikkar på ein eller anna måte. Slik situasjonen er no, diskuterer vi ikkje om det skal vere ope, men korleis, seier stortingsrepresentant Henrik Asheim (H).

– Betyr det at søndagsopne butikkar er viktigare enn å ha eit godt samarbeidsklima med KrF?

– Ingen enkeltsak kan trumfe vårt prosjekt med eit breitt borgarleg samarbeid. Det er mange saker KrF har fått gjennomslag for som dei ikkje ville fått i eit samarbeid med Arbeidarpartiet.

– Kva tenkjer du om at KrF er så provoserte?

– Eg er litt overraska over at KrF syntest det er greitt at folk handlar i små og tronge butikkar som er dyre, men ikkje i normale butikkar på søndagar.

– Det er fleirtal på stortinget for å opne for søndagsopne butikkar på ein eller anna måte. Slik situasjonen er no, diskuterer vi ikkje om det skal vere ope, men korleis, seier stortingsrepresentant Henrik Asheim (H).

Stortingsrepresentant Henrik Asheim (H) seier at dette dessverre er ei sak som KrF ikkje får gjennomslag i.

AKTUELT NÅ