Hopp til innhold

800 politibetjentar i London blir etterforska for seksuelle overgrep og familievald

Dette kjem fram etter at politibetjent David Carrick måndag erkjente straffskuld for 24 valdtekter gjennom ein periode på 16 år.

86u1c14XL9I

GRANSKING: Politisjefen i London varslar fleire hundre oppseiingar etter overgrepssak.

Foto: Alastair Grant / AP

Politiet i London har varsla at dei vil gjennomgå bakgrunnen til alle dei 45.000 tilsette politibetjentane i Metropolitan Police.

Det stadfestar politisjef i Metropolitan Police, Mark Rowley, til BBC.

800 av desse er allereie under etterforsking etter at det er komen inn over 1000 påstandar om seksuelle overgrep og familievald.

– Eg har titusenvis av fantastiske menn og kvinner, men eg har hundrevis som ikkje burde vere her, seier politisjef Mark Rowley.

Fleire hendingar

Politibetjent David Carrick

Tidlegare politibetjent i Metropolitan Police, David Carrick, har sagt seg skuldig 24 valdtekter og ei rekke andre overgrep.

Foto: HERTFORDSHIRE POLICE / Reuters

Utsegna til politisjefen kjem i samband med den pågåande straffesaka mot tidlegare politibetjent Davik Carrick.

Han jobba som politibetjent hos politiet i London heilt fram til han blei arrestert i oktober 2021, skulda for ei rekke valdtekter og andre overgrep.

I retten har det kome fram at Carrick skal ha brukt rolla si som politibetjent til å skape tillit hos offera sine. Han sa seg skuldig i 43 skuldingar allereie i desember, før han måndag sa seg skuldig i seks fleire.

Til saman har han sagt seg skuldig i 24 valdtekter og 25 andre utuktslovbrot.

Etter ei rekke tidlegare varslingar blei den tidlegare politibetjenten først stogga då ei kvinne valde å melde han inn, som følge av ein annan offentleg storm for politiet i London.

Så seint som i september 2021 blei tidlegare politibetjent Wayne Couzens dømt for drap, valdtekt og kidnapping av 33 år gamle Sarah Everard.

Etter denne hendinga gjekk politiet i London offentleg ut med ein handlingsplan for å vinne tilbake folkets tillit.

Gjennomfører gransking

Politiet i London har fått kritikk for å ikkje vere nøye nok på bakgrunnssjekkar og for å ikkje ha teke tidlegare varslingar på alvor.

David Carrick, som no har innrømt å ha gjennomført ei rekke valdtekter og overgrep over ein periode på 16 år, var gjennom undersøkingar av politiet to gongar i løpet av denne perioden. Til trass for å ha allereie motteke fem offentlege klagar, slapp han gjennom sjekkar både i 2009 og 2017.

Mark Rowley blei henta inn til jobben som politisjef for fire månadar sidan. Han varslar oppvask i politiet for å unngå at liknande hendingar skal kunne skje igjen.

– Vi har ikkje vore tøffe nok i å teke grep om dette. Og på mi vakt vil dette endre seg, seier han.

– Vi vurderer kvar einaste tilsette systematisk, forklarar Rowley vidare. Og legg til at han håpar bebuarane i London vil sjå at dei no er fast bestemte på å løyse det fleire kallar eit tillitsproblem i politiet.

Politisjef Mark Rowley

Politisjef Mark Rowley beklagar: – Vi har svikta kvinner og vi har svikta londonarar.

Foto: Carl de Souza / AP

Ein talsperson for statsminister i Storbritannia, Rishi Sunak, fortel at statsministeren framleis har tiltru til både politiet i London og politisjef Rowley:

– Politisjefen har anerkjent det betydelege arbeidet det er behov for i politistyrken.

Talspersonen fortel likevel at Sunak anerkjenner at hendingar som desse er svært skadelege for bebuarane si tiltru til politiet.

Den endelege dommen mot tidlegare politibetjent David Carrick vil kome i februar.

AKTUELT NÅ