Hopp til innhold

Halvor (30) hadde alt – heilt til venskapen med rusen gjekk for langt

Halvor Jamtveit trudde han hadde kontroll. No kjempar han for å ta tilbake kontrollen over livet.

Halvor Jamtveit

Han starta med å rusa seg med kokain på fest. Så tok avhengigheita over. Halvor Jamtveit fortel ope om sin kamp.

Foto: Pandora Film/NRK

I vekedagane var Halvor Jamtveit dagleg leiar og hadde ansvaret over hundre tilsette. I helgene likte han å festa. Favorittrusen var kokain.

– Eg har ikkje hatt problem med kokain. Eg har hatt råd til å kjøpa meg det ei helg. Det har gått veldig fint. Heilt til det ikkje gjekk fint, fortel Halvor Jamtveit til Leo Ajkic i TV-serien «Rus».

Når festen ikke tar slutt, kan rusen ta kontroll. Men når du er på bunnen, finnes det en vei opp. Leo møter en fin fyr som mistet alt, utenom håpet.

I tredje episode av «Rus» møter Leo Ajkic Halvor Jamtveit. Sjå episoden her, i NRK TV, eller på NRK 1 måndag klokka 21:20.

Då Jamtveit våren 2020 gjorde det fyrste intervjuet til serien, var han berre nokre dagar frå å sjekka inn på behandling.

Men vegen til å be om hjelp var lang.

– Det hadde klikka for meg

– Eg hugsar akkurat den augneblinken då eg skjønte at dette her er jo tingen, seier Jamtveit.

Han tvinnar tommeltottar og sit i sofaen i arbeidsbustaden i Asker. Der oppheld han seg i vekedagane.

Halvor Jamtveit

Halvor Jamtveit er no rusfri og driv eit entreprenørskapsfirma, men kampen mot avhengigheita er lang og hard.

Foto: Eirin Tjoflot / NRK

Når han no ser tilbake, trur han at det var i denne augneblinken han mista kontrollen. Det var forsommaren 2019. I ein rus av kokain, piller og alkohol. Rusmidlane styrte han.

– Då trur eg at eg blei 100 prosent hekta. Og så har eg jo nok vore det meir eller mindre heile vegen, men då klarte eg å kontrollera det sjølv.

Då hausten kom, møtte han ikkje opp på jobb slik som han hadde gjort tidlegare. Jamtveit beskriv det som han ikkje hadde krafta i seg lenger. Og alt rundt han rakna.

Men februar 2020, gjekk eit nytt lys opp for Jamtveit.

– Det hadde klikka for meg. Eg sat åleine i garasjen og høyrde folk gå i stova og krabba på loftet. Folk som ikkje var der. Og eg blei omringa av beltevogner og av forsvaret.

Då tok han opp mobiltelefonen og tasta inn nummeret til Mestringshusene på Bolkesjø.

Auke i bruken av kokain

– Bruken av kokain har auka betydeleg dei siste ti åra. No ser vi at det kanskje er det nest mest brukte illegale rusmiddelet etter cannabis, fortel Jørgen Bramness.

Han er professor i psykiatri ved Universitetet i Tromsø og seniorforskar ved Folkehelseinstituttet. I 20 år har han jobba med rus- og avhengigheitsforsking.

kokain illustrasjon
Kokain er eit sentralstimulerande middel som er svært avhengigheitsskapande.
Illustrasjon rusmiddelet kokain.
Kokain kan gjera at du kjenner deg i stand til å gjera mange ting.
Og det opphever nokre av dei dempande verknadane som alkohol har, slik at du kan halda festen gåande mykje lenger.
Illustrasjon av mann som har kokain abstinenser
Bakrusen av kokain er det motsette av å vera høgt oppe. Du kan få abstinensar, bli søvnig, deprimert og få angst.
Du kan også få meir og meir hallusinasjonar. – Då er det eit teikn på at ein bør avslutta, seier Bramness.

FHI har nyleg publisert ein studie om kokain. I studien kjem det fram at mange av dei som nyttar kokain, gjer det for å ha meir kontroll når dei drikk:

Som rus- og avhengigheitsforskar, har Bramness forsøkt å finna tal på avhengige. Det er vanskeleg, men dei som har forska på dette har kome fram til nokre cirkatal som går på at:

  • 200.000-300.000 er avhengige alkohol.
  • 30.000-40.000 er avhengige av legemiddel.
  • 30.000-40.000 er avhengige av illegale rusmiddel.
  • 40.000-60.000 er spelavhengige.

Det vil seia at ein kan rekna at om lag 400.000 nordmenn lir av ein avhengigheit.

– Mange vil nok tenkja at det er mange, og at ein ikkje kjenner nokon som er avhengige. Men det kan godt henda at du kjenner dei, men ikkje veit om det fordi dei klarar å halda på fasaden, seier Bramness.

Jørgen Bramness

Jørgen Bramness, rus- og avhengigheitsforskar.

Foto: Privat

– Viktig å vera open

Kari Lossius er psykologspesialist og har jobba med rusproblematikk i over 30 år. Både ho og rusforskar Jørgen Bramness peikar på at rusmiddelavhengigheit er eit komplekst fenomen, men at det er nokre teikn ein bør vera obs på:

  • At du rusar deg meir og oftare enn andre.
  • At det er vanskeleg å stoppa, og at du kkje har kontroll.
  • At rusen snevrar inn livet ditt, og at nærmiljøet reagerer på åtferda di.
  • At du byrjar å skjula rusinga di.

Lossius seier at ei av utfordringane med rusavhengigheit, er at dei aller fleste ventar for lenge med å søkja hjelp. Ho er oppteken av tydinga av det å vera open.

Kari Lossius saman med programleiar Leo Ajkic.

Kari Lossius saman med programleiar Leo Ajkic.

Foto: Pandora Film/NRK

– Dess meir vi skjuler, dess mindre kan vi snakka om det og dess meir åleine blir du. Då er det lett å tru at du er den einaste i verda. Om du opnar deg for andre, vil du sjå at andre slit med andre eller liknande ting. Så det å vera open er viktig, seier ho.

Ho meiner at det heller aldri kan slå feil å visa bekymring overfor andre.

– Hopp ut i det. Rett og slett. Det er rådet, seier ho.

– Framleis mykje inni meg som ikkje er nøgd

– Å vera open er det som har vore løysinga for meg, fortel Halvor Jamtveit.

Det er over eit år sidan han kom ut av behandling. Han er tilbake i jobb og driv eit entreprenørskapsfirma med fleire tilsette. Men jobben med å kjempa mot avhengigheita er ikkje over.

– Eg kan vel telja på ei hand, eller kanskje to, dei solskinsdagane sidan det. Det har ikkje vore veldig mange, men eg har berre kriga meg gjennom, seier han.

Halvor Jamtveit saman med Leo Ajkic på Mestringshusene på Bolkesjø.

Halvor Jamtveit saman med Leo Ajkic på Mestringshusene på Bolkesjø.

Foto: Pandora Film/NRK
Halvor Jamtveit under gruppemøte på Mestringshusene.

Her er Halvor Jamtveit på ein gruppetime på Mestringshusene på Bolkesjø. Han fortel at han framleis har mykje å jobba med.

Foto: Pandora Film/NRK
Halvor Jamtveit

Men Halvor Jamtveit seier at han framleis har eit håp om å bli lukkeleg.

Foto: Pandora Film/NRK

Dei indre demonane er der enno. Halvor Jamtveit klarar ikkje enno å vera stolt over at han er rusfri.

– Og det synest eg er litt trist. Eg kunne ynskja at det kunne gitt meg meir, men det tyder på at det er framleis mykje inni meg som ikkje er nøgd med meg.

Han har heile livet leita etter noko han ikkje har visst kva her. No veit han det.

Ro.

Og håpet om å bli lukkeleg, finst i aller største grad.

– For eg har fått nokre smakebitar innimellom på korleis det kan vera. Og eg har halde meg fast i dei. Det er det eg håpar. At eg berre kan få eit godt liv.

Vidare lesing:

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger