Hopp til innhold

Potetfestival - åtte heilt ulike retter med potet

Ho er billig, og kan brukast til alt. Du veit det godt, men det er fort gjort å gløyme alt poteta kan vere med på. Her er inspirasjon til både kvardag og fest.

«Blank» potetsalat

Potetsalat med urter, raudløk, tomatar og ost. Prøv også poteta bakt eller som suppe, mos, pai, vaflar, brød og kake.

Foto: Jan-Kristian Vikeiane Schriwer / NRK

Bakt: Poteta kan kokast, steikast og bakast til middagen. Halve bakte poteter med løk og ost blir kalla jacket potatoes. Innertiar hos både små og vaksne.

Suppe: Server høsten sine gullklumpar som flytande, kremet og smakfull varme for ganen. Med «rett» krydder, kraft og grønt er dette ein silkemjuk smaksfest.

Mos: Meir næring og meir smak. Bland inn pastinakk og nøtter og mosen blir ekstra fin og god. Går også an å blande i til dømes sellerirot og kvitløk om du ønskjer det.

Pai: Lise Finckenhagen lagar små trekanta paiar av potetene. Fyll med poteter, chili, krydder og karripasta gjer dei perfekte både som nistepakke og turmat.

Vaflar: By på nasjonalromantisk fingermat. Her er oppskrifta på perfekte potetvaflar med tre forslag til passande topping. Festvaflar.

Brød: Flate brød fylt med indiske smakar og urter. Dette er saftige og smakfulle brød som er perfekte til middagen.

Kake: Vi kjem ikkje utanom potetkaka. Hent fram denne klassikaren, og la gjestene ete medan dei er varme.

Salat: Potetsalatar finst i tallause variantar. Her blandar vi inn ulike urter, soltørka tomatar, raudløk og ost. Genialt til grillmat eller vanleg middag.

Og bli gjerne med inn i potet-universet vårt for fleire rettar med potet.