Hopp til innhold

28 norske husdyrrasar er trua

Kven har ikkje sett ein hest av rasen fjording beite oppi lia? Det ikkje alle er klar over, er at synet blir sjeldnare og sjeldnare. 28 av dei norske husdyrrasane er utrydningstrua.

To fjordinger i en hestetilhenger

UTRYDNINGSTRUA: Fjordingen er med på lista over trua og bevaringsverdige norske husdyrrasar.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Lundehunder

LUNDEHUND: Trua

Foto: NRK
Norske Buhunder som skal ut på tur

NORSK BUHUND: Trua

Foto: Björg Silverin, Alafors Sverige
Nordlandshest

NORDLANDSHEST: Trua

Foto: Graham Austick
Vestlandsk fjordfe

VESTLANDSK FJORDFE: Trua

Nina Hovden Sæther, leiar for Genressurssenteret.

Nina Hovden Sæther, leiar for Norsk genressurssenter.

Foto: Lars Sandved Dalen/Skog og landskap

Godt kjende rasar som fjordingen og dølahesten er med på lista over trua og dermed bevaringsverdige norske rasar.

For å kome på lista, må talet på individ ha kome så lågt at det er fare for at dyreslaget kan døy ut om det ikkje blir fleire.

Seks norske hunderasar og fire hesterasar er definerte som trua rasar.

Av hundar gjeld det den tidlegare så vanlege norske buhunden. Men også lundehund, norsk elghund svart, hygenhund, haldenstøver og dunker er trua.

Også kaldblodstravaren

Av hestar gjeld det begge dei mest kjende rasane fjording og dølahest, og i tillegg nordlands-/lyngshesten og den norske kaldblodstravaren.

Alle kan dei gå over i historia for godt dersom ein ikkje lukkast med å få opp talet på dyr.

Norsk genressurssenter lagar lista

Det er Norsk genressurssenter som lagar lista over dei utrydningstrua rasane.

Senteret definerer først kva som skal reknast som ein nasjonal rase, og deretter om talet på individ er så kritisk lågt at rasen må reknast som trua og bevaringsverdig.

Genressurssenteret har også eit ansvar for oppfølging av dei trua rasane.

– Sikrar variasjon i framtida

– Husdyrrasane er landets og landbrukets biologiske mangfald, seier avdelingsdirektør og leiar ved senteret Nina Hovden Sæther.

– Dei er viktige å ta vare på for å sikre ein genetisk variasjon i framtida. Dessutan er dei ein viktig del av kulturarven.

At husdyrrasane framleis eksisterer i sine naturlege miljø, meiner Sæther kan sjåast som ein buffer for framtidige utfordringar og endringar.

– Har ein i framtida berre ein ting – ein rase – å velje mellom, har ein ikkje lenger noko val. Dermed blir det vanskelegare å møte utfordringar som kan kome.

Seks rasar av storfe

Av storfe er det seks rasar som er definerte som trua. Det gjeld dølafe, sida trønderfe og nordlandsfe, telemarksfe, vestlandsk fjordfe, vestlandsk raudkolle og austlandsk raudkolle.

Av småfe er sju rasar trua. Seks av desse er sauerasar. I tillegg kjem kystgeita.

Også tre fjørferasar, trønderkaninen og den brune bia er med på lista.

Sjå den fullstendige lista i faktaboksen til høgre.

Skulle ta klarare ansvar

Norsk genressurssenter blei oppretta av Landbruks- og matdepartementet i 2006. Senteret er ei avdeling av Norsk institutt for skog og landskap som held til på Ås.

Gjennom etableringa skulle staten ta eit klarare ansvar for forvaltninga av dei norske genressursane.

Senteret skal sikre ei effektiv og bærekraftig forvaltning av nasjonale genressursar i husdyr, planter og skogstre, heiter det.

– Ikkje nok å fryse ned

Nina Hovden Sæther meiner det på ingen måte er nok å fryse ned genetisk materiale og ta vare på husdyrrasane på den måten.

– Kvifor held det ikkje å fryse ned?

– Å fryse ned er eit viktig sikringstiltak, men den internasjonale konvensjonen om biologisk mangfald (Convention on Biological Diversity – CBD) slår fast at det beste er å halde dyra i live i sine naturlege miljø. Ein må kjenne rasen om det skal vere interessant å ta dei fram seinare. Slike erkjenningar er det brei internasjonal semje om, seier ho.

Mange trur at biologisk mangfald berre gjeld viltlevande dyr. Slik er det ikkje.

Husdyra eller kulturrasane er også ein del av det biologiske mangfaldet. Derfor er dei med i dei internasjonale konvensjonane og avtalane som vi har skrive under på, og som gir oss plikt til å ta vare på mangfaldet.

– Og husdyra er på hovudmenyen vår. Dei er viktige for å møte morgondagens utfordringar, til dømes med trygg mattilgang, påpeikar Nina Hovden Sæther.

I mindre besetningar

Leiaren for Genressurssenteret er derfor oppteken av at bøndene må få rammevilkår som gjer at dei kan bruke gammalrasane.

Når utviklinga er effektivisering og større einingar, blir det samtidig vanskelegare for husdyra av gamle rasar. Dei står stort sett i mindre besetningar.

For hunderasane er det ei stor utfordring at folk i dag har det så travelt at dei ikkje tek seg tid til å få kvelpar med tispene.

Saman med Norsk Kennel Klub og raseklubbane har Genressurssenteret bygd opp ein sædbank for alle dei norske hunderasane. Det har vore eit av dei mest vellukka prosjekta for å ta vare på utrydningstrua rasar.

– Men at det blir fødd for få kvelpar er ei utfordring som ikkje er løyst, seier Sæther.

Minst fem generasjonar

Wik Stjernen og kusk Gunnar Austervoll

SIGER PÅ TRAVBANEN, MEN UTRYDNINGSTRUA: Også den norske kaldblodstravaren er det faretruande få av.

Foto: Kallestad, Gorm / Scanpix

I samråd med Genressursutvalet for husdyr, har Genressurssenteret definert grunnlaget for at kva som kan kallast ein nasjonal og ein trua husdyrrase.

For å kunne kallast ein nasjonal rase, må rasen ha vore i landet i minst fem generasjonar.

Rasen skal også ha hatt ei næringsmessig og kulturhistorisk betydning.

Og talet på individ av rasen kan ikkje ha vore så lågt at dagens rase berre kan sjåast som ein rekonstruksjon.

Under 1000

Ein rase blir rekna som trua dersom det ikkje er meir enn mellom 100 og 1000 avlshodyr, eller ikkje meir enn mellom 5 og 20 avlshanndyr igjen.

Ein rase er ikkje berre trua, men tilstanden blir definert som direkte kritisk når rasen har under 100 avlshodyr eller under fem avlshanndyr.

Når ein hesterase som fjordingen no er definert som trua, finst det altså enten mindre enn 1000 fjordighopper som kan få føll, eller mindre enn 20 hingstar i bruk i avl.

AKTUELT NÅ