Hopp til innhold

26.000 DNB-kundar forsøkt svindla

Kundane skal ikkje ha opplevd økonomiske tap som følgje av svindelforsøket, seier DNB.

DNB-logoen.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Ein kortserie på til saman 26.000 kort hos DNB er forsøkt svindla. Det opplyser bankens kommunikasjonsrådgivar Andreas Nyheim til E24.

– Ingen kundar har lidd økonomiske tap. I dei få tilfella der transaksjonen har gått gjennom er dei blitt reverserte, slik at summen blir ført attende til dei kundane det gjeld, seier Nyheim.

Svindlarane skal ha forsøkt å svindle til seg små summar på nokre få kroner.

Tek heile ansvaret

Overfor NRK seier Nyheim at kundane ikkje kan skuldast i denne saka, men at det samstundes er viktig at dei er på vakt mot svindlarar.

– I denne saka er kundane heilt uskuldige offer. Vi ynskjer likevel å bidra til god folkeopplysning, slik at folk er merksame på framgangsmåten og ikkje går i fella, seier han og utdjupar:

Presserådgiver Andreas Nyheim i DNB.

Presserådgivar i DNB, Andreas Nyheim.

Foto: DNB

– Man bør ikkje svare på e-postar som bed ein om å gje frå seg kortinformasjon, Bank ID eller fødselsnummer. Ingen bankar eller seriøse aktørar vil spørje om dette i ein e-post.

DNB seier dei har kontroll

Feilen som vart oppdaga onsdag føremiddag er no teken hand om, opplyser Nyheim.

-– Me har hatt kontroll på saka sidan i føremiddag, og sette i verk nødvendige sikkerheitstiltak då.

Rådgivaren fortel samstundes at digitale svindelforsøk vert stadig meir utbreidde.

– Generelt sett er det slik at digitale bedrageri er ein stor og urovekkjande trend. DNB set inn store ressursar på å hindra og førebyggja den type svindel i å skje, og å hindra at kundane tek skade av det, seier han.

AKTUELT NÅ