I tillegg til å bli dømd til lovas strengaste srraff, blei han også dømd til å betale familiane til dei avdøde nesten 1 million kroner i erstatning.
23-åringen er fetteren til det mannlege offeret, Yuhang Wu (22).
Det var 20. februar i fjor Wu vart funnen drepen saman med kjærasten sin, Ningyuan Yu, på ein studenthybel i Bjerregaardsgate 21 i Oslo.
Den drapsdømde mannen budde i same studentblokka.
Drapsoffera Ningyuan Wu (t.v.) og Yuhang Wu.
Den drapsdømde mannen har vore varetektsfengsla sidan 3. mars, då han vart arrestert. Dette på grunn av frykt for at han skulle forlate Noreg om han vart sett fri.
23-åringen har heile tida nekta for å ha noko med drapa å gjere, og har sagt at det var den kinesiske mafiaen som utførte drapa.
Han ankar dommen på alle punkt, opplyser forsvaren hans, advokat Marius Dietrichson.
Dei to drepne kinesiske stdentane var elevar ved Musikk Instrument Akademiet i Sarpsborg.
I dag avgjorde Kongen i statsråd at skulen må betale tilbake 7,5 millionar roner til Staten, og at skulen ikkje får drive skulen vidare.
Dei har brote rekneskapslova, friskulelova og aksjelova. Statssekretær Helge Ole Bergesen seier saka er alvorleg.