NRK Meny
Normal

1500 nordmenn fanga i abonnementsfeller på nett

ASKIM (NRK) Katrine Alstad Grønlund er ei av ei stadig større gruppe nordmenn som vert lurte inn i abonnementsfeller på produkt dei aldri har bestilt. På eitt år steig talet på svindla nordmenn frå 382 i 2013, til over 1500 i 2014.

Created by InfoDispatcher

1500 klaga til Forbrukaoroombodet etter at dei hadde motteke ei vare med krav om betaling som dei aldri hadde bestilt.

– Eg lurte på om dette var ein reklame av noko slag. Men då eg opna pakken og fann rekninga som låg ved, skjønte eg at dette ikkje var snakk om reklame, seier Grønlund.

Ein dag tidleg i januar fann Katrine Alstad Grønlund ein pakke frå eit kosmetikkselskap i posten. Pakken inneheldt eit detox-plaster som skulle limast under foten og reinse kroppen. Eit produkt med etterfølgande abonnement Grønlund er sikker på at ho aldri har bestilt.

Kosmetikkselskapet i Danmark nekta for å ha gjort noko feil, men då Grønlund stod på sitt, starta ein lang føljetong, der selskapet både hevda å sitje på ei IP-adresse bestillinga var gjort frå, og kontra med at ho var utsett for ID-tjuveri då ho avviste dette.

Artikkelen held fram under biletet.

Katrine Alstad Grønlund med mailbevis

Katrine Alstad Grønlund opplevde å hamne i ei sokalla abonnementsfelle.

Foto: Peter von Tangen Jordan

Ein enorm auke på eitt år

Ifølgje ferske tal, fekk Forbrukarombodet i fjor over 1500 klager frå forbrukarar som hadde opplevd nettopp dette – å bli abonnentar på ulike produkt dei aldri har samtykka til.

– 1500 klaga til oss etter at dei hadde motteke ei vare med krav om betaling som dei aldri hadde bestilt, seier forbrukarombod Gry Nergård til NRK.

Artikkelen held fram under biletet.

Gry Nergård

Forbrukarombod Gry Nergård seier at abonnementsfeller er ein stadig aukande problematikk.

Foto: Camilla H. Wernersen / NRK

Medan nokre, som i tilfellet med Grønlund, sender produktet og rekninga rett til kundar som ikkje har bestilt noko, nyttar dei også andre metodar.

– Dette er dessverre ganske vanleg, at folk har takka la til ei gratisprøve, eller så har dei ikkje vore i kontakt med nokon i det heile tatt, for så å ha fått ein pakke i posten dei må betale for. Det opplever folk som ganske vanskeleg, seier Nergård.

Tidlegare i år gjennomførte ombodet ein større tilsynsaksjon med annonsar som lokkar med uforpliktande gratisprøver og kampanjetilbod på nettet. Resultatet viste at 49 av 52 undersøkte kampanjar var i realiteten abonnementsfeller.

328 nordmenn klaga på denne type varesvindel i 2013. I 2014 hadde dei same tala auka til 1529. Mange av klagene i fjor dreia seg om eitt spesielt selskap, UNO Life, som til slutt vart slått konkurs.

– Firmaet var svært pågåande

Katrine Alstad Grønlund viser fram sider på sider med mailutveksling mellom seg sjølv og kosmetikkselskapet i Danmark då NRK møter ho heime i Askim. Grønlund fekk purring på purring i posten.

Katrine Alstad Grønlund med mailane

Grønlund har fleire sider med mailutvekslingar mellom henne og kosmetikkselskapet som nektar å kome henne i møte.

Foto: Peter von Tangen Jordan / NRK

– Når dei fortalde at ein måtte gjennom fire ulike stadfestingar når du bestiller noko, var eg hundre prosent sikker på at eg ikkje hadde bestilt vara, fortel ho.

– Eg tilbydde meg å sende pakken i retur mot at dei betalte portoen. Det nekta dei, seier Grønlund. Etter tre månader orka ho ikkje meir, og sende produktet tilbake for eiga rekning.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger