Hopp til innhold

130 melde for hatkriminalitet

I fjor vart det meldt inn over 100 hatkriminalitet-saker. Justisministeren trur problemet er langt større.

Overfall på Mortensrud

Politiet rykte ut til det som vart sett på som eit rasistisk motivert overfall på Mortensrud i Oslo.

Foto: Erik Engen / NRK

Knut Storberget

Justisminister Knut Storberget trur tala er høgare enn det som er rapportert inn.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

Til saman 130 hatkriminalitet-saker kom inn til Politiet i fjor. Det viser tal NRK har henta inn frå dei store norske byane.

Berre i Oslo var det meldt 26 saker av vald med rasistiske motiv, og mørketala er høge.

Banka opp på bensinstasjon

- Dei seier til oss "jævla utlendinger" og "jeg hater mørk farge", seier familiefaren Darious Salemi.

Salemi ligg med broten nase og hjerneristing på Ullevål sjukehus etter å ha blitt banka opp på ein bensinstasjon i Oslo. Korkje Politiet eller offeret er i tvil om motivet:

- Det var ein rein rasistisk handling, seier Salemi.

Politiet fekk hausten 2006 i oppgåve å registrere hatkriminalitet, altså brotsverk som skuldast hat mot andre på grunn av seksull legning, religion eller etnisk opphav. Det er enno ikkje laga noko nasjonal oversikt, men ei kartlegging NRK har gjort i dei fem største byane viser at det i fjor vart meld om 129 slike saker.

Darious Salemi, voldsoffer
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Video: Familiefar, Darious Salemi fikk hard medfart.

Verre enn det som kjem fram

Justisminister Knut Storberget trur det skjer langt fleire diskriminerande hendingar enn det som til no er rapportert inn.

- Det er all grunn til å tru at det er mørketal under desse tala igjen, og at vi ikkje har registrert godt nok. At vi alt no har denne type tal og eit slikt nivå er alvorleg, sier justisministeren.

Seniorrådgjevar Pål Meland i Politiet seier dei tar hatkriminalitet på alvor.

- Alle skal ha lov til å vera den ein er, uten at ein blir utsett for rasistisk, framendtfiendtleg eller homofobisk kriminalitet, seier Meland.

Video nsps_upload_2008_9_19_11_22_3_2.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Video: Justisminister Knut Storberget og regjeringen ønsker blant annet å heve straffene for denne typen kriminalitet.

Video nsps_upload_2008_9_19_11_21_13_1.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Video: Oslo og byrådsleder Erling Lae har tatt tak i voldsproblematikken.

AKTUELT NÅ