NRK Meny
Normal

11 år gamle Frasse i kvinneklede sjokkerer

Det svenske motemerket Acne viser 11 år gamle Frasse i sine nye haustkampanje for kvinneklede. – Kan få fatale følgjer, åtvarar fleire.

Acnestudios

11-ÅRING: – Dette er heilt utanfor det ei kvinne skal og bør vere, og Acne er med på å skape farlege tankar og gje unge dårleg sjølvkjensle, meiner generalsekretær Irene Kingswick i ROS, rådgjevingsteneste for eteforstyrringar i Norge.

Foto: Acnestudios

– Dette er ikkje mykje sprell eller morosamt. Då eg såg reklamen vart eg ikkje provosert, eg vart rett og slett sjokkert!

Så unaturleg som det kan bli

Kristin Roset

13 ÅR: Kristin Roset var sjuk av eteforstyrring i 13 år. Her frå tida då mat var det einaste ho brydde seg om.

Foto: privat

Kristin Roset har slite med eteforstyrring i 13 år, og kjem no ut med bok om kampen mot demonane som eteforstyrringa har vore for ho. Ho meiner reklamen til klesmerket Acne er med på å skape unaturlege idear om kva ei kvinne skal vere.

– At dei brukar ein gut på 11 år for vise fram kvinneklede er jo så unaturleg som du kan få det. Korleis skal kvinner oppfatte dette? Det er vanskeleg å sjå noko anna enn at kvinner må vere små, linjeforma, og alt anna enn kvinnelege, seier Roset.

Ho får støtte frå generalsekretær Irene Kingswick i ROS, rådgjevingsteneste for eteforstyrringar i Norge.

– Dette er med på å skape kroppspress og hysteri blant unge som kan få fatale følgjer, seier ho.

– Handlar ikkje om kvinner eller menn

Acnestudios

SPRELL: Acnestudios meiner reklamen ikkje handlar om kvinner eller menn, men om haldninga til mote, former og fargar.

Foto: Acnestudios

Dei opplever oftare og oftare at unge tek kontakt med dei for hjelp, og at stadig yngre vert påverka negativt at det dei ser på nett og vert utsett for gjennom reklame.

– Dei som tek kontakt har manglande sjølvbilete og dei har eit forvrengt syn på korleis ein kropp skal vere. Det er motebransjen med på å skape, seier generalsekretæren.

Det var Side 2 som først omtalte saka om reklamen, og der går også bloggar Tine Monsen ut og kritiserer Acne.

– Kampanjen handlar om haldning til mote der plagget sin karakter og form er viktigare enn om det er eit herre- eller kvinneplagg, skriv presseansvarleg Sara Spänner i epost til NRK

Acne vil ikkje stille opp på intervju med NRK, men skriv vidare i eposten at designaren Jonny vert inspirert av sonen Frasse sin opne haldning til klede.

– Difor spurte han Frasse om han kunne vere modell. Alt har skjedd i samråd mellom Han og faren. Kampanjen handlar ikkje om å vise eit spesielt kvinneideal, heller ei haldning.

Trur ikkje på Acne

Irene Kingswick

UROA: Irene Kingswick i ROS meiner kampanjen til Acne føyer seg inn i rekka av påfunn frå motebransjen som har negativ effekt på unge.

Foto: ROS

– Dette kunne vore slik om det berre hadde vore denne eine gongen. Men vi ser det igjen og igjen at motebransjen pressar ideala i ei rolle der kvinner ikkje lenger kan vere kvinner med former. Og difor er dette uheldig farleg, seier Kingswick.

Roset rår unge om å berre oversjå heile kampanjen.

– Dette handlar ikkje over røynda, men om eit skapt bilete, seier ho.

Ho ser med uro på korleis det bli framover.

– Eg er vel ikkje spesielt optimistisk med tanke på korleis dette vert framover heller. For presset vert stadig verre for dei unge.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger