Hopp til innhold

- Usmakeleg av AP

Ei sommarhelsing frå Arbeidarpartiet til norske minstepensjonistar hissar opp både regjeringskollega Senterpartiet og Høgre.

Jan Tore Sanner (H) og Jens Stoltenberg (AP)

Nestleiar i Høgre Jan Tore Sanner likar dårleg at AP har sendt ut eit skrytebrev til pensjonistane. (Arkivfoto)

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

Sist veke sendte Arbeidarpartiet ut rundt 100 000 brev til norske minstepensjonistar med informasjon om auke i pensjonen etter årets pensjonsoppgjer.

Helsing frå statsministeren

Pensjonistbrevet er eit informasjonbrev om resultatet i årets pensjonsoppgjer.

I brevet står det at årets oppgjer har utjamna forskjellar, og at det er eit historisk løft for minstepensjonistane.

Arbeidarpartiet skriv vidare at dei ønskjer at dette skal gjera kvardagen lettare for minstpensjonistane, før dei avrundar brevet med personleg helsing, og ønske om god sommar, frå partileiar og statsminister, Jens Stoltenberg.

Regjeringskollega undrar seg

Samarbeidspartnar i regjeringa, Senterpartiet, undrar seg over sommarbrevet frå Arbeidarpartiet.

Rune Skjælaaen

Dei har gløymt regjeringskollegaene, seier Rune Skjælaaen (SP).

Foto: NRK

- Dei har gløymt regjeringskollegaene, og dei har også gløymt at dette er noko som går gjennom Stortinget, seier parlamentarisk leiar i SP, Rune Skjælaaen.

Skjælaaen synest det er viktig at regjeringa står saman om det dei har klart å forhandla fram.

Prøver å stele æra

- Dei forsøker å ta æra for noko som ikkje er Arbeidarpartiet si ære aleine, seier nestleiar i Høgre, Jan Tore Sanner.

Sanner peikar på at pensjonsoppgjeret er eit forhandlingsresultat mellom Staten og pensjonistorganisasjonane, som alle partia på Stortinget har stilt seg bak.

- Brevet er usmakeleg, og i beste fall villeiande reklame, seier Sanner.

Statsministeren forsvarer brevet

- Alle parti har lov å senda brev for å kommunisera med dei dei vil, seier Arbeidarpartileiar og statsminister Jens Stoltenberg.

Stoltenberg peikar på at brevet er sendt til pensjonistane for å gjera greie for resultatet av årets oppgjer, og at Arbeidarpartiet ønskjer å få fram kva dei har vore med og skapt som regjeringsparti.

Rune Skjælaaen i Senterpartiet meiner brevet heller burde vore ei helsing frå heile regjeringa, og ikkje berre frå Arbeidarpartiet.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger