Hopp til innhold

-Usanne påstandar

Dei to ekssvigersønene til Per Ditlev-Simonsen nektar for at dei har framsett trugslar mot Oslo-ordføraren.

Per Ditlev-Simonsen

Ditlev-Simonsen har sagt at han vart truga av ekssvigersønene sine.

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

 

Påstandane er usanne, uforståelege og krenkjande

Pehr-Olav Skogseth

Pehr-Olav Skogseth var tidlegare gift med Cecilie Ditlev-Simonsen.

Han kallar påstandane frå eks-svigerfaren sin usanne, uforståelege og krenkjande.

- Påstandane er triste, særleg fordi eg alltid har hatt eit godt forhold til min tidlegare svigerfar og min sons morfar, og alltid har hatt stor respekt for både hans person og det arbeidet han har gjort, redegjer Skogseth.

- Hans personlege økonomi har vore og er meg ukjend - og uinteressant, seier han.

  Bør Ditlev-Simonsen gå av? Diskuter her!

Hevdar han vart truga

Per Ditlev-Simonsen hevda tidlegare i dag at han vart truga av eks-svigersønene sine, i samband med saka rundt pengane i Sveits.

- Saka kom opp på ein spesiell måte. Mine to eks-svigersøner har drive ein kampanje mot dottera mi. Dei har bevisst trekt meg inn, og kome med direkte trugslar mot meg, knytta til pengene i Sveits, fortalte Ditlev-Simonsen på eit møte i forretningsutvalet i dag.

Les også: Trekk seg ikkje

Bør Per Ditlev-Simonsen gå av?

- Har aldri diskutert Sveitskontoen

Pehr-Olav Skogseth fortel i ei redegjering at han aldri diskutert Sveitskontoen med sin tidlegare svigerfar.

Skogseth var gift med Cecilie Ditlev-Simonsen i mellom 1994 og 1999. I samband med skilsmisseoppgjeret var kontoen i Sveits ikkje eit tema, uttalar Skogseth.

- Det var meg heilt framand å gjere krav på nokon del av hennar formue, seier han.

Av Cecilie sin ektefelle nummer to har han blitt beden om å gje vitne forklaring i samband med den aktuelle kontoen.

- Eg har lagt til grunn at eg har vitneplikt i ei sak av den føreliggjande karakter, sjølv om eg synest dette er ubehageleg. Eg har i tillegg lagt til grunn at det er i alles interesse at sanninga vert kjend. Noko motiv ut over dette har eg ikkje hatt, uttalar Skogseth.

Han krev no at Per Ditlev-Simonsen trekk påstandane tilbake.

 

 

AKTUELT NÅ