Hopp til innhold

- Total mangel på informasjon

Jeanet Marie Solsvik frå Haugesund skulle ha reist heim frå ferie på Kreta i dag. - Det er umogleg å få ut informasjon frå reiseselskapet, seier ho.

Seks norske turistar ventar på informasjon frå reiseselskapet.

Dei norske turistane prøver å halde motet oppe medan dei venter på informasjon frå reiseselskapet. Frå venstre Jeanet Marie Solsvik, Tore Lie, Irene Eikevåg, Vidar Eikevåg, Evy Anita Kollevåg og Helge Even Kollevåg.

Foto: Privat

Solsvik og dei fem ho reiser saman med bestilte turen via Norwegian sine heimesider, og det er selskapet Travellink som organiserer pakketuren. Då NRK.no snakka med Jeanet Marie Solsvik laurdag føremiddag hadde dei ikkje fått noko informasjon om kva dei skal gjere.

Ho reknar med at situasjonen er lik for dei rundt 200 som reiste med same flyet frå Flesland laurdag for ei veke sidan.

Kundesenter i Stockholm

Etter fleire timar lukkast det NRK å kome i kontakt med Travellink sitt kundesenter i Stockholm. Her blir det opplyst at selskapet arbeider med å få kontakt med alle som har reist med dei, også frå Noreg.

Her kan dei ikkje svare på kvifor dei ikkje har vore i kontakt med dei norske gjestane på Kreta, men seier at det kan vere snakk om ei misforståing. For dei har plikt til å kontakte alle gjestane og gi dei informasjon, blir det sagt.

Det viser seg at det er kundesenteret i Stockholm som har ansvaret for å ta kontakt med alle Travellink sine kundar frå Sverige, Danmark og Noreg. Dei jobbar på spreng heile helga for å nå alle kundane.

Berre telefonsvarar

Dei har prøvd å ringje selskapet, men møter berre ein telefonsvarar som fortel at kontoret er stengt. NRK har også prøvd å få kontakt med selskapet, utan å lukkast.

- Vi har også prøvd å sende epost, men dei har vi fått i retur, seier Jeanet Marie Solsvik. Ho meiner det burde vere enkelt for selskapet å informere dei, fordi dei har oppgitt både mobiltelefon og epostadresse då dei bestilte reisa.

No håpar dei på informasjon i løpet av dagen.

Dei fekk beskjed frå hotellet om at dei måtte sjekke ut klokka 12 slik planen var, og no må dei betale med eigne pengar for vidare opphald.

Etterlyser telefonnummer

- Vi er seks vaksne personar i følgjet. Ingen av oss har høyrt eit ord frå reisearrangøren, heller ikkje hotellet, seier Jeanet Marie Solsvik.

Ho etterlyser også eit telefonnummer nordmenn i utlandet kan ringje til for å få informasjon når det oppstår slike kriser.

Over 3000 norske charterturistar er stranda på ulike feriemål rundt om i verda, dei fleste på Kanariøyane.

AKTUELT NÅ