Hopp til innhold

- Stem på hovudmotstandaren

Partitestane på Internett gjev ofte feile svar. På partikontorene til Arbeidarpartiet og SV fikk dei beskjed om å stemme på hovudmotstanderen Frp etter å utført ein av testane.

Valgomat
Foto: Astrid Randen / NRK

Dette er for dårlig og kan i verste fall påverke valresultatet, frykter dei.

 

- Verdilaus velgjarguide

Nina Backe

Nina Backe, ordførarkandidat for Arbeiderpartiet i Oslo, klagar på valtesten til Nettavisen, som ho meiner er høgrevridd.

Foto: Astrid Randen / NRK

På partikontoret til Arbeidarpartiet (Ap) har fleire teke ulike partitestar på Internett. Men sjølv om dei har svara i tråd med partiprogrammet, har dei blitt svært overraska over utfallet.

- Fleire her har fått beskjed om å stemme Frp, sjølv om dei har svara på spørsmåla i samsvar med Arbeiderparitet sitt program. Det er rett og slett for dårlig, seier Ap sin ordførarkandidat i Oslo, Nina Backe.

Også KrF og SV melder om partitestar på Internett som ikkje gjev riktig utslag.

- Oppegåande politisk interesserte folk her på partikontoret har fått beskjed om å stemme Senterpartiet og Frp. Dette betyr berre at som velgjarguide, er slike testar verdilause, seier generalsekretær i SV, Edle Daasvand.

Nina Backe meiner at mange av spørsmåla er høgrevridde. - Viss folk bruker slike testar til å avgjere kva dei skal stemme, fryktar eg det kan påverke valresultatet.

500.000 på nett

Før førre val var 500.000 nordmenn innom ein eller fleire partitestar for å teste kva parti dei høyrer heime hjå. Også ved dette valet melder dei største nettavisene og TV2 og NRK om fleire hundre tusen brukarar på valtestane.

Professor ved Universitetet i Bergen, Frank Aarebrot, trur partitestane avgjer kva mange skal stemme.

- Mange av dei som før leste partiprogramma, set seg no foran datamaskina. Men eg vil ikkje råde folk til å la slike testar avgjere kva for parti dei skal stemme på. Til det er dei for usikre, seier Aarebrot.

Viss folk vil la testane avgjere kva for parti dei skal stemme på, meiner Aarebrot ein må ta ulike testar, og ikkje stole berre på ein.

- Ikkje la dei avgjere

Generalsekretær i Framstegspartiet, Geir A. Mo, har også testa seg sjølv på ein av dei mange Internettestane. Han er svært nøgd med svaret han fekk.

Geir A. Mo

Generalsekretær i Framstegspartiet, Geir A. Mo, er godt nøgd med svaret han fekk på partitesten. Han fekk klar beskjed om å stemme på sitt eige parti.

Foto: Astrid Randen / NRK

- Eg vart 98,5 prosent Frp-ar. Og det er jo bra for ein mann i mi stilling, seier han.

Sjølv om Framstegspartiet ikkje klagar på testane, vil generalsekretæren ikkje råde folk til å bruke dei til å avgjere kva for stemmeseddel ein skal putte i urna.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger