Hopp til innhold

- SP sine politiske mål står fast

Senterpartiet held fram med fire statsrådar i den raudgrøne regjeringa.

Åslaug Haga og Lars Peder Brekk
Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

- Skal vera ein pådrivar

Under pressekonferransen tidlegare i dag, sa Brekk at SP held fast ved dei politiske måla sine.

- Det er hamra i stein at Senterpartiet skal vera ein pådrivar og ein bidragsytar for den raudgrøne linja. Me går framleis til val på ei fleirtalsregjering sett saman av Senterpartiet, Arbeiderpartiet og SV.

- Den politiske linja vår, slik den har vore under Åslaug Haga, og måla i Soria Moria-erklæringa, ligg fast, sa Brekk.

Rykkjer automatisk opp

Brekk var fram til i dag fyrste nestleiar i Senterpartiet. Han rykte automatisk opp som fungerande leiar i partiet når Haga gjekk av før i dag.

Eit ekstraordinært landsstyremøte skal om ei veka avgjera korleis partiet legg kabalen fram til landsmøtet i 2009.

- Då vil det bli teke stilling til om me skal ha eit ekstraordinært landsmøte, eller om me på ein annan måte skal konstituera eit medlem av arbeidsutvalet og dermed ein ny nestleiar i partiet, seier Brekk.

Rosar Haga

Brekk, som òg er partiet sin parlamentariske leiar i Stortinget, har forståing for avgjersla til Haga.

- Me hadde inderleg ønskt eit anna utfall, men ber om respekt for avgjersla til Åslaug. Ho har sørga for politiske resultat som me er stolte av.

- For oss vil ho alltid vera partileiaren som realiserte det raudgrøne prosjektet. Ho vil bli hugsa som ein effektiv, engasjert og drivande god politikar med evne til å inkludera og visa tillit til alle rundt seg, sa Brekk.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger