Hopp til innhold

- MDG sin miljøpolitikk er fullt mogleg å gjennomføre

Bilfritt Oslo med fleire kollektivfelt og sykkelparkering i staden for bilparkering er nokre av krava Miljøpartiet De Grønne har på blokka. – Fullt mogleg å gjennomføre, seier forskingsleiar Aud Tennøy ved Transportøkonomisk institutt.

Lan Marie Nguyen Berg

NEI OG ATTER NEI: Lan Marie Nguyen Berg og Miljøpartiet De Grønne har ingen planar om å opne opp for at fleire bilar skal kunne ta seg inn til hovudstaden.

Foto: CF-Wesenberg

– Det er realistisk å ikkje byggje E18 slik det no ligg inne i planane. Men då må det politisk vilje til. Det er jo eit val politikarane no må ta, seier forskingsleiar Aud Tennøy ved Transportøkonomisk institutt.

- Dei fleste køyrer ikkje bil i Oslo

Kø på E18 ved Skøyen

NEI: MDG seier klart nei til fleire bilar. Både inn og ut av Oslo. Dette vil bli ei av dei store sakene både Høgre og venstresida møter i forhandlingane etter valet.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Miljøpartiet De Grønne (MGD) gjorde eit brakval måndag, og no er det duka for politisk dragkamp om posisjonar, kjernesaker og makt om ordførarmakta i hovudstaden.

I dag seier MDGs førstekandidat i Oslo, Lan Marie Nguyen Berg, at saka om vegnettet vert den mest krevjande saka når dei no skal setje seg ved forhandlingsbordet.

Utbygginga av E18 er partiet heilt i mot. Den inngår i Oslopakke 3, og vil føre til 14-felts veg inn og ut av hovudstaden. Bompengar på vegen skal finansiere auka kollektivtilbod er planen. MDG sit med fem mandat til bystyret, og kan dermed vippe mot Høgre og Venstre.

– Retorikken speglar ikkje seg i politikken dei fører. No er det viktig at Oslo-leiarane får med seg lokalpartia på kva som er den beste løysinga, nemleg å ikkje byggje ut E18, seier Nguyen Berg.

At det vil føre til kaos på vegane, og at folk ikkje kjem seg på arbeid slik mange har teke til ordet for, er ikkje Tennøy samd i.

- Dei fleste som arbeider i Oslo no køyrer ikkje bil til eller frå.

Følgjer spent med

Aud Tennøy

SPENT: – Eg vil følgje spent med på kva forhandlingane no fører til, seier forskingsleiar Ved Transportøkonomisk institutt, Aud Tennøy.

Foto: Svein Erik Dahl/Samfoto

Både Arbeidarpartiet og Høgre er samde om å redusere trafikken inn til Oslo, men ingen har klart å konkretisere korleis dei skal få det til, og begge desse partia er for E18-utbygginga.

– MDG sin politikk på å redusere bilar inn til Oslo er ikkje ny. Det har både tidlegare og noverande regjering sagt. Men det er interessant at dei vinn fram i valet med dette, seier forskingsleiaren.

Tennøy seier fleire no har innsett at det å byggje meir veg ikkje løyser problema, men truleg bidreg til ei forverring.

– Ja, fleire innser at veg ikkje er løysinga når målet er å redusere talet bilar. Eg vil følgje spent med på kva utfallet av diskusjonane vert, seier Tennøy.

For å klare å møte MDG sine krav i forhandlingane, må dei andre partia igjen ta rundar på korleis E18 skal vere.

– Eg har forska og sette på vegløysingar i dette området sidan tidleg på 2000-talet. Forskjellen no er at E18 vil bli mykje større enn først planlagt om det går slik det ligg føre i planane.

Bilparken ut, sykkelveg inn

MDG vil også ha ei massiv satsing på sykkel- og gangveg.

– Då må ein fjerne parkeringsplassar og lage sykkelanlegg i staden. Det er fullt mogleg å gjennomføre, seier Tennøy.

– Men igjen, dette handlar om politisk vilje.

AKTUELT NÅ