Hopp til innhold

- Kyrkjene for dårleg sikra

Norske kyrkjer er et eit lett bytte for kunst-tjuvar, meiner Økokrim.

Dette vinduet ble knust i Larvik kirke

Tjuvane kom seg inn i kyrkja gjennom dette vindauget.

Foto: Sverre Lilleeng / NRK

Natt til i går tok tjuvar seg inn i Larvik kirke og stal måleriet "La de små barn komme til meg", som er verdsett til rundt 20 millionar kroner.

Måleriet har hengt i kyrkja i 330 år, men var korkje bolta fast eller verdiforsikra.

LES OGSÅ: Mistenker bestillingstyveri

No åtvarar Økokrim om nye tjuveri. Politioverbetjent Kenneth Didriksen, seier til Aftenposten at tjuveri av religiøs kunst er ein europeisk trend, og at denne trenden no kan vere på veg til Noreg.

Han rettar også kritikk mot tryggleiken ved norske kyrkjebygg, og seier at mange kunstgjenstandar er eit lett bytte for tjuvar.

Video nsps_upload_2009_3_9_7_32_22_0.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

VIDEO: Økokrim ynskjer strengare vakthald i kyrkjer.

Også avdelingssjef i den kyrkjelege arbeids- og interesseorganisasjonen, KA, Øystein Dahle meiner tjuveriet i Larvik medgir at sikringstiltaka i Norske kyrkjer er for dårlege.

I fjor vart inventaret i norske kyrkjer verdsett til ni milliardar kroner, opplyser KA.

Måleriet som var stole frå Larvik i går, er no etterlyst over heile verda.

Utsnitt fra 'La de små barn komme til meg'
Foto: Larvik kirke

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger