NRK Meny
Normal

Ropar varsku om hasjbruk og skulefråfall

– Ei fersk dansk undersøking viser at hasjrøyking er ei viktig årsak til fråfallet i den vidaregåande skulen. Vi har byar og skular med høgt cannabisforbruk også her i landet, så no er det på tide å ta opp dette temaet også her, seier Mina Gerhardsen i Actis, Rusfeltets samarbeidsorgan.

Hasj

Hasjrøyking er ei viktig årsak til fråfallet i den vidaregåande skulen, meiner Actis.

Foto: Johannessen, Sara, Sara Johannessen / SCANPIX

Generalsekretæren i Actis meiner at sjølv om det er mykje ulikt mellom dansk- og norsk ruskultur, så er det også mykje som er likt. Det er fleire skulemiljø her i landet, til dømes i Oslo og Bergen, der omfattande hasjbruk er svært vanleg. Ho meiner det er god grunn til å tru at hasjbruk påverkar fråfallet i den vidaregåande skulen også her i landet.

– Påverkar læreevna

Generalsekretær Mina Gerhardsenn i Acta.

– Det er viktig å forske på samanhengen mellom hasjrøyking og fråfallet i skulen, seier Mina Gerhardsen.

Foto: Actis

– I debatten er det mange meiner at cannabis ikkje er farleg. Og sjølv om det er mindre farleg enn tyngre narkotiske stoff, så påverkar det minnet og læreevna. Ein kan lett bli sløv, og det kan øydeleggje skulegangen. Det igjen er farleg for moglegheitene seinare i livet, seier Mina Gerhardsen til NRK.

Alkohol er også eit problem, meiner ho, men hasj har eit anna bruksmønster. Det er få som tek med seg alkohol på skulen for å «reparere», men det er ikkje uvanleg med hasj.

– Blant ungdom er avhengige er det vanleg å måtte røykje tidleg på morgonen for å kome i gang, og så held dei gjerne fram med «påfyll» fleire gonger om dagen. Skal vi greie å redusere problemet med fråfall i den vidaregåande skulen må vi også ta tak i dette, seier ho.

LES OGSÅ: Ungdom står i kø for hasjavvenning

LES OGSÅ: – Jeg gråt i timevis da politiet tok meg

– Treng norsk forsking

Mina Gerhardsen meiner vi treng meir norsk forsking på dette feltet. Det er også viktig å auke innsatsen innanfor førebygging og på å hjelpe dei som har kome så langt at dei treng avvenning.

Ho viser til ein rapport rapport frå forskaren Wayne Hall , som har samla all forsking om hasj og andre cannabisprodukt dei siste 20 åra. Han slår fast at fråfall frå utdanning er ein av konsekvensane av hasjbruk. Hall reknar med at ein av seks brukarar blir avhengige av cannabis.

LES OGSÅ: Meir om rapporten frå Wayne Hall

Gerhardsen har ikkje oppfatta at samanhengen mellom hasjrøyking og fråfall i skulen ikkje har vore eit tema i den norske debatten. No er det viktig å lyfte dette opp på politisk nivå, meiner ho.

«Ut av tåka»-prosjektet

Hasjavvenningsprogrammet « Ut av tåka » har også erfaringar som samsvarar med dei danske resultata. Ofte er elevane det gjeld i ein situasjon der de ikkje ser at fråværet dei har på skulen har samanheng med bruken av cannabis.

– Etter ei tid er dei meir i stand til å reflektere rundt dette slik at dei sjølve ser samanhengen. Det er fleire faktorar som spelar inn i fråfall frå vidaregåande utdanning, men det er ingen tvil om at rus er ein viktig del, seier prosjektleiar Thomas Pedersen, prosjektleiar for «Ut av tåka» i Østensjø bydel i Oslo.

LES OGSÅ: Dansk undersøking: Hasj som et pedagogisk problem

LES OGSÅ: Norsk undersøking frå 2012

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger