- Det blir ein kamp mot klokka

Maria Amelie (25) vil tidlegast verta send ut av landet den 23. januar. Advokaten hennar seier dei no kjempar ein kamp mot klokka, for å få Utlendingsnemda (UNE) til å snu i saka.

Advokat Brynjulf Risnes

Advokat Brynjulf Risnes har 9-13 dagar på seg til å få UNE til å gjera heilomvending i Amelie-saka. Alternativet er søksmål, seier han.

Foto: NRK

– Me arbeider no iherdig med å få UNE til å erkjenna at denne saka fortener å verta handsama på ny. Om dei ikkje gjer det, må me gå til søksmål, opplyser advokaten til papirlause Maria Amelie, Brynjulf Risnes.

Risnes seier han har fått tindrande klare opplysningar frå Politiets Utlendingseining (PU) om at det det vil ta minimum ti dagar frå ho vart varetekstfengsla og fram til utsending.

– Det er heilt utelukka at styresmaktene vil deportera Amelie i hui og hast. Det ville vore ei uheldig løysing for alle partar, seier han.

Må informera Russland

Maria Amelie

Maria Amelie sit varetektsfengsla på Trandum utlendingsinternat i AKershus fram til uttransporteringa som tidlegast vil skje den 23.januar.

Foto: NRK

Amelie har budd ulovleg i Noreg sidan ho og familien fekk avslag på søknaden om asyl i 2002. Tysdag denne veka vart ho arrestert av Politets utlendingseining (PU) i Lillehammer.

I går bestemte Oslo Tingrett at Amelie må sitja i varetekt fram til uttransporteringa til Russland.

Ifølgje aktor i saka, politiadvokat Rolf Odner frå PU, må russiske styresmakter verta informerte om heimsendinga minst ti dagar i forkant.

Dermed vil uttransporteringa skje i ein gong i tidsrommet 23-27.januar.

Forsvararen til Amelie har med andre ord ni dagar på seg til å få UNE til å «ta til fornuft».

– Strir med menneskerettane

– Me har ikkje gjeve opp håpet. Det skjer jo ofte at nemda må vurdera opphaldssaker på ny. I Amelie si sak er det utan tvil fleire viktige moment som UNE ikkje har teke omsyn til i det endelege avslaget.

Advokaten viser blant anna til at kvinna var eit barn då ho kom hit, at ho ikkje har noko forhold til Russland og at nemda aldri har høyrt hennar versjon av saka. Han får støtte frå Helsingforskomiteen.

– Maria Amelie blei pågripen utan å ha fått tilbod om eit intervju, og blei heller ikkje underretta om vedtaket. At ho ikkje har fått høve til å forklara saka si for norske styresmakter, meiner me er i strid med menneskerettane, seier generalsekretær i organisasjonen, Bjørn Engesland i ei pressemelding.

– Ikkje prestisjenederlag

Video UNE-sjef Terje Sjeggestad

UNE-direktør, Terje Sjeggestad.

Foto: Nyhetsspiller

Direktøren i UNE, Terje Sjeggestad fortalde i går at saka til Amelie ikkje var spesiell nok til å kvalifisera for utvida saksbehandling.

Sjeggestad seier også at Amelie er såpass ressurssterk at ho ikkje vil ta skade av å verta deportert til Russland.

– Ho vil greia seg fint der, seier han.

Advokat Risnes meiner UNE snarast må bita i seg at dei har gjort ei feilvurdering.

– Nemda må ikkje sjå det som eit prestisjenederlag å snu sjølv om presset no er massivt.

Risnes er klar på at dei vil gå rettens veg, dersom UNE sjølv ikkje gjer heilomvending i saka.

– Men me håpar å sleppa ei omfattande rettssak, som både vil vera kostbar og unødvendig, seier han.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger