Hopp til innhold

Treng tusenvis av arbeidarar til vinterfisket – vil ha testing på grensa

Vinterfisket, den viktigaste sesongen for fiskerinæringa, står for tur. Men pandemien herjar både innanlands og utanlands. Stengde grenser kan bli fatalt for øysamfunna.

Torsk i kar.

Fiskerinæringa går snart inn i sin viktigaste sesong. Men auka koronasmitte skaper bekymring for at ein ikkje skal få tak i nok kvalifisert personell.

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr

For fiskerinæringa kjem no den viktigaste tida på året.

Vinterfisket.

I generasjonar har fiskestraumane som kjem for å gyte vore sjølve hovudinntekta til fiskarane.

Før kom dei tilsette i fiskeindustrien frå øyvêr langs heile kysten. No er vi avhengige av arbeidsinnvandring på vinteren for å ha nok folk til å handtere dei store mengdene torsk som kjem på land.

Difor vil det kome tusenvis av arbeidarar for å arbeide i sjømatindustrien på land om få veker.

Samtidig skaper aukande koronasmitte bekymring i Noreg.

Men det er ikkje smitte som fiskerinæringa fryktar mest.

Det er stengde grenser når vinterfisket kjem i gang etter jul.

Grunnlaget for heile samfunnet

På fiskeværet Røst, heilt ytst i Lofoten, har dei tre månadane på vinteren alltid vore heile grunnlaget for strukturen i samfunnet.

Styreleiar for Røst Sjømat AS, Geir Børre Johansen, seier situasjonen kan bli alvorleg.

– Det er klart at vi er bekymra for hele systemet og forsyningssikkerheita om vi ikkje får inn tilstrekkeleg kvalifiserte folk, seier han til NRK.

Geir Børre Johansen

Geir Børre Johansen er styreleiar for Røst Sjømat AS. Han fryktar at dei ikkje vil få inn nok kvalifiserte folk til vinterfisket.

Foto: Rune Ellingsen / Kyst og Fjord

I fjor var de også bekymra, men med eit dårleg lofotfiske trengde dei mindre arbeidskraft enn dei trudde.

I år kjem det til å kome mellom 120 og 130 arbeidarar frå utlandet til Røst. Men Johansen er ikkje bekymra for auka smitte i det vesle lokalsamfunnet.

– Både Latvia og Litauen har høg vaksinasjonsgrad. Vi har eit godt system med lokale myndigheiter, og er veldig opptatt av dette sjølv, seier styreleiaren som meiner koronapass, testing og eventuelt karantene vil vere nok også denne gong.

Fleire arbeidarar og meir produksjon

Regiondirektør Daniel Bjarmann-Simonsen i NHO Nordland seier at det i fjor kom om lag 2000 arbeidarar over grensa for å arbeide for fiskerinæringa.

I år blir det annleis – da det er forventa ein normal fiskesesong med full produksjon.

– No går vi frå å ha ein redusert sesong til ein normalsesong. Det betyr fleire arbeidarar og meir produksjon, seier Bjarmann-Simonsen.

Ved førre vinterfiske kom arbeidarar frå eiget land til unnsetning. Fiskemottak vart ringt ned av mellom anna arbeidslause servitørar frå Oslo.

Men nett no er det rekordlåg arbeidsløyse i Noreg. Sjølv om fleire kan verte ledige etter nye nasjonale restriksjonar.

No kjem vi til å trenge mellom 4000 og 5000 gjestearbeidarar ifølge direktøren. Men det er ikkje gitt at dei er vaksinert.

– Kan bedriftene krevje at dei som kjem hit er vaksinert?

– Dei har ikkje lov til å krevje at ein er vaksinert, men arbeidarane har heller ikkje krav på jobb. Difor er det mange bedrifter som er tydeleg på at om dei skal få jobb må dei vere vaksinert.

Difor ønsker dei no fysisk koronatesting på grensa. I dag blir til dømes alle som kjem til Gardermoen testa, mens om du kjem i bil over ein av grensestasjonane i Nord-Noreg, er kravet at du testar deg innan 24 timar.

NHO etterlyser strengare kontroll for å vere sikre på at ingen kjem inn med smitte.

Det var 200 politistillingar som var dedikert til nettopp dette. Det er det ikkje lenger. Det er mellom anna disse som NHO ønsker skal kome tilbake.

– Det er kjempeviktig med testing på grensa. Det er det viktigaste tiltaket myndigheitene kan gjere, slik at vi har kontroll på det, seier NHO-direktøren.

Men det er ikkje smitte som uroar fiskerinæringa mest. Det er stengde grenser.

Det skjedde nemleg i fjor – og det midt i fiskerinærings viktigaste sesong.

– Tilbakemeldinga no er at den største bekymringa ligg i at vi ikkje får arbeidskrafta inn.

Dette vil styresmaktene gjere

Direktør i Arbeidstilsynet, Trude Vollheim, fortel at allereie ved førre vinterfiske opplevde dei at fiskerinæringa i nord hadde eit sterkt fokus på smittevern.

Difor har dei valt å jobbe på same måte i år.

– Vi gir direkte informasjon til alle om kva smittevernreglar og rutinar som må inn for å unngå å få smitte på arbeidsplassen.

Trude Vollheim, direktør, Arbeidstilsynet

Direktør i Arbeidstilsynet, Trude Vollheim, seier at de har oppretta ein kampanje på sosiale medium retta spesifikt mot utvalde grupper av europearar som dei veit kjem til Noreg for å jobbe i vinterfisket. Der informerer Arbeidstilsynet på deira språk kva krav som er sett til sesongarbeidarane.

Foto: Arbeidstilsynet

Det er i hovudsak at arbeidstakarar som kjem til Noreg må teste seg og registrere seg på grensa. Arbeidsgivarar må sørge for å vere viss på om arbeidstakar må i karantene og at innkvarteringa i tilfelle er forskriftsmessig.

– Vi trur at fiskerinæringa, som er så dyktige til å jobbe med hygiene i utgangspunktet, kjem til å gjere sitt ytste for å hindre smitte. Dei er heilt avhengig av eit fiske som går føre seg ein kort del av året.

Noreg på smittetoppen

Det gjeld mellom anna for samfunnet på Røst.

– Noreg er desidert på smittetoppen i Europa. Det er berre San Marino som slår oss, så kva er eigentleg risikoen, spør Geir Børre Johansen, og fotsett:

– Røst som samfunn har veldig få andre næringar å støtte oss til. Den tida vi går inn i no er utruleg viktig for oss. Eg trur ikkje vi må fokusere for mykje på å vere redde for alt. Vi jobbar allereie godt med førebuingar og planar.