Hopp til innhold

Vil ta i mot fleire asylsøkarar

Alle dei sju asylmottaka i fylket er heilt fulle.

Det vil seie at det er over 1000 asylsøkarar i Nordland i dag.

flyktningleir sudan

Utlendingsdirektoratet skal opprette fleire asylmottak i Nordland. Flyktningane kjem mellom anna i frå Sudan.

Foto: STR / SCANPIX

Og no jobbar Utlendingsdirektoratet for å kunne opne enda fleire mottak i regionen, som omfattar heile den nordlegaste landsdelen.

Det seier regiondirektør Bjørn Fridfeldt i UDI.

- Me held i desse dagar i på med forhandlingar om fleire mottak. Me får sjå i slutten av veka kor mange mottak det vert i fylket, seier han.

Rekordmange flyktningar

Aldri før har så mange menneske vore på flukt frå sitt eige land. Denne veka meldte FNs høykommissær for flyktningar at 11,4 millionar menneske må flykte frå heimlandet. Og det er dette som gjer at Utlendingsdirektoratet no ynskjer å opne fleire asylmottak i heile landet. For Nord-Noreg betyr det ei auke frå 12 til 15 mottak i år, og dermed moglegheit til å ta i mot rundt 2 500 fleire asylsøkarar.

- Ja, frå Tsjetsjenia, Afghanistan og Sudan, seier Fridtfeldt.

Leiar ved Svolvær asylmottak, Ulf Johansen seier at dei i dag har rundt 150 bebuarar av 155 plassar.

Utfordrande

- Fullt hus skapar fleire utfordringar. Det er ein hektisk kvardag med mykje folk, som har mange spørsmål. Me har mange omrokkeringar når det gjeld rom, fordi me ynskjer at dei som snakkar same språk skal bu i saman, seier Johansen.

UDI kan ikkje svare på kvar dei ulike mottaka vil hamne enno, men det er ein stor sjanse for at fleire havnar i Nordland.

- Det stemmer nok, seier regiondirektør Bjørn Fridfeldt i UDI.

Johansen i Svolvær ser fram til at det vert litt betre plass på mottaket i Svolvær