Hopp til innhold

Starta ungdomsbedrift for å motverke narkotikatrend: – Ikkje artig å vere på fest lenger

Jentene gjer konkrete tiltak for å gjere det kjekt å vere på fest igjen. Politiet rosar dei for initiativet.

– Det verkar som at dop er blitt nesten like vanleg som alkohol, i alle fall hos dei på vår alder.

Det hevdar Signe Bergdal, som er 17 år gamal og elev ved Bodø vidaregåande skule.

Ho og tre klassekameratar har sett eit spesielt type armband i produksjon.

– Vi veit at det er mykje bruk av narkotika her som vi ikkje synest noko om.

Signe Bergdal

IDE: – Det begynte med at vi skulle finne eit produkt som vi meiner var viktig og som vi ville produsere, seier Signe Bergdal (17).

Foto: Ingrid Gulbrandsen Årdal / NRK

Testar drikka for GHB

Nettopp difor vil dei gi ungdom meir kunnskap om tema. Dermed blei det dop-testande armband når dei skulle danne ei ungdomsbedrift i skulesamanheng.

– Vi merkar at det ikkje er artig å vere på fest lenger fordi det er så mange som opplever ubehagelege situasjonar, og at narkotika heile tida blir pressa på som vi meiner er feil.

Det er ikkje alle som er klar over at dette skjer, fortel jentene.

Fv: Vilja Østensen, Signe Bergdal, Linnea Lai, Anna Kolstad.

PRODUKSJON: Armbanda dei set i produksjon blir laga i Tyskland og seld vidare av jentene på bestilling.

Foto: Ingrid Gulbrandsen Årdal / NRK

Sjølv om ikkje jentene har opplevd det sjølve, fortel dei nemleg om fleire venninner som har fått GHB i drikka mot eiga vilje.

Desse armbanda skal avdekke om du har fått GHB i drinken:

Halvparten blir sendt vidare til sjukehus

I 2016 kom GHB på tredjeplass blant dei illegale rusmidla som låg til grunn for akuttinnleggingar til 15 sjukehus i 9 europeiske land, ifølge Oslo Universitetssjukehus.

På legevakta i Oslo utgjer GHB ti prosent av rusmiddelforgiftingane, som er om lag 200 per år.

Det opplyser Odd Martin Vallersnes, som er føreamanuensis på avdeling for allmennmedisin ved Universitetet i Oslo.

Halvparten av dei som blir innlagde blir sendt vidare til sjukehus.

Legeskiftleder ved Oslo legevakt, Odd Martin Vallersnes

Odd Martin Vallersnes, som er føreamanuensis på avdeling for allmennmedisin ved Universitetet i Oslo.

Foto: Silje-Lisette Tennøy

– I dag blir truleg om lag like mange som vi legg inn tatt med direkte til sjukehus i Oslo av ambulansetenesta, seier Vallersnes.

I ein rapport basert på undersøkingar i perioden 2013 til 2015, slo dei fast at 69 prosent av tilfella var menn.

GHB var tatt som einaste rusmiddel i 39 prosent av tilfella, og kombinert med alkohol i 29 prosent av tilfella.

Nedsett bevisstheit blei observert i 69 prosent av tilfella.

Nødvendig tiltak

Så langt har responsen vore bra på armbanda. Fleire har kjøpt og førehandsbestilt til neste bunke. Armbanda blir produsert i Tyskland, og jentene brukar Instagramprofila testcheck_ub for å informere om GHB og nå ut til kundar.

– Fleire synest det er nødvendig ettersom det har kome meir narkotika, seier Bergdal.

Ifølge jentene er det alltid dop til stades om dei er på ein eller annan fest, og spesielt heimefestar.

– Mest kokain, seier Bergdal.

Armbanda som jentene sel i ungdomsbedrifta, med hensikt å motverke narkotikabruk og ubehagelege tilfelle

BRUKARVENLEG: I Sverige er det bedrifter som gjer det same, også produsert i Tyskland, men på marknaden frå før finst det berre strips med same effekt i Noreg.

Foto: Ingrid Gulbrandsen Årdal / NRK

For sjølv om armbandet er eit konkret tiltak for å redusere tal neddopingssaker, er det også ei anna urovekkande utvikling dei er bekymra for.

Det er nemleg stort fokus på dop i ungdomsmiljøet generelt.

– Det er veldig normalisert no. Og det er også ein del av det vi har lyst til å stoppe.

– Er det snakk om gruppepress?

– Ja, og press frå enkeltpersonar som ein ikkje kjenner.

– Kva veit foreldre om dette?

– Mange foreldre veit dette, men dei veit kanskje ikkje i kor stor grad, og kor vanleg det eigentleg har blitt.

Haustar ros frå politiet

Jentene haustar lovord frå politiet for initiativet.

– Eg synest det er eit kjempegodt initiativ. Vi ønsker fokus på førebygging og at ungdomen tar gode, bevisste og sunne val om å ta avstand frå bruk av narkotika.

Det seier Alf Gunnar Holm, som er seksjonsleiar for førebygging, etterretning og etterforsking ved Bodø politistasjon.

Initiativet til ungdomane er slik politiet ønsker at det skal vere.

Alf Gunnar Holm i Nordland politidistrikt.

DAGLEG: – Det er vanskeleg å gi noko konkret på det, anna enn at vi veit at det skjer og at det er dagleg.

Foto: Ingrid Gulbrandsen Årdal / NRK

Likevel ønsker han bevisstheit om at eit armband ikkje er nok til å unngå det ungdomane fryktar.

– Du kjem aldri vekk frå at du har ansvar for deg sjølv, kva du vel å ta i deg, og dei rundt deg. Så ikkje stol berre på armbandet.

– Ungdomen har rett

Holm kan også bekrefte det jentene beskriv.

– Ungdomane har heilt rett. Informasjonen vi får frå eigne informasjonskanalar, men også dei vi samarbeider med, viser at bruken er aukande og at bruken har endra seg blant ungdom.

Mens cannabisprodukt tidlegare var den største og mest vanlege narkotikatypen som var nytta, ser politiet no ein markant auke på blant anna kokain. Det er sjølv om dette ikkje gir utslag i fysiske beslag enn så lenge, ifølge Holm.

– Politiet ser at vi no har ein tilstand der vidaregåande skular i Bodø er ein sentral arena for omsetnad av narkotika, seier han.

Les også «Elisabeth» (16) vil jobbe med ungdom. Men først må hun overleve.

Overdosedødsfall blant unge i Rogaland

Korleis vil politiet beskrive bruken av ulovlege rusmiddel blant unge?

– Situasjonen er slikt sett litt uoversiktleg, fordi vi ikkje er til stades på dei kanalar som vi burde vere, og fordi det er ein kriminalitetsform som ikkje blir meldt til oss.

– Kva gjer politiet for å motverke dette?

– Vi prøvar å vere til stades på dei arena som ungdomen er og bidra med opplysingsarbeid. Konkrete tiltak her i Bodø er blant anna at vi har reindyrka tre betjentar som berre skal jobbe retta mot ungdom med fokus på opplysingsabried og vere der ungdomen oppheld seg.

Les også Slik kan du bidra til å holde barnet ditt unna narkotika

Hasj i en hånd

Råder foreldre til å engasjere seg

Det viktigaste rådet går til foreldra, seier Holm.

  • Ver ein forelder som bryr seg.
  • Engasjer deg i kvar ungdomen din er og kven dei vankar saman med.
  • Ikkje ver redd for å be om hjelp.

– Og til ungdomen konkret må eg seie at dei aller fleste ungdomane tar avstand frå rus. Men vi skal vere obs på den utviklinga som er og tendensen vi ser til at vi har ein liberaliserande tankegang rundt bruken av narkotika som vi synest er bekymringsfull.

Nøkkelen ligg i at det er mange som får eigarskap til problemet, seier Holm.

Hei!

Takk for at du kom heilt ned hit. Har du tips etter å ha lese denne saka? Då kan du kontakte meg her: